Presenterte boka si om mor Marie Takvam.

Svært mange ville sikre seg boka med Magnus Takvam sin signatur i Storfjord kulturhus måndag kveld. Der var også NRK-tv til stades.

Dei kom frå fleire bygder til Storfjord kulturhus då journalist og kommentator i NRK Magnus Takvam presenterte boka si om mor Marie Takvam. «Eit ærleg og kjærleg morsportrett», skreiv Dagbladet.

«Hun skrev for å kunne leve» har journalist Magnus Takvam kalla boka om mor si Marie Takvam. Diktardama vaks opp på garden Skylstad på Øye i Hjørunfjorden, men budde sitt vaksne liv i Oslo der livet baud på både gode, men også dramatiske dagar.

-Boka er eit ærleg og usminka portrett av ei dame som skreiv ti diktsamlingar, to romanar og et teaterstykke før ho døydde i januar 2008. Ho var også ei kjent radiostemme i barnetimen i 50 -og 60-åra, og aktiv deltakar i samfunnsdebatten, fortel Takvam innleiingsvis i boka.
Boka som er på rundt 220 sider gjev eit usminka portrett av ei mor gjennom både gode og vanskelege år, og i tillegg har boka fleire av Marie sine dikt og er illustrert med bilete.

I Storfjord kulturhus med rundt 200 i salen presenterte NRK-journalisten boka si ved å lese frå innleiinga og med kommentar til bilete og opptak med Marie Takvam der ho las dikt ho sjøl hadde skrive.
Det vart ein flott og interessant timelang presentasjon å presentere boka på, ei bok som fleire store aviser har gjeve forfattaren treningkast fem for.
Svært mange sikra seg boka med Magnus Takvam sin signatur før dei forlet Storfjord kulturhus måndag kveld.

NRK har gjort opptak frå Øye og frå boklanseringa i Storfjord kulturhus, og som er sagt skal bli sendt i laurdagsrevyen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380