Reflektoren ikkje på plass fredag heller.

Det har synt seg å bli svært vanskeleg for Televerket å få plassert mast og reflektorspeil på Nokkenibba i samband med at ein no skal få til eit trådlaust telefonsamband mellom Sunnylven og Strandadalen.
Ved det første forsøket på å flyge opp mast og speil, måtte helikopteret gjerde vendereis fordi skodda vart for tjukk.
Fredag vart det gjort eit nytt forsøk med eit stort Sikorski helikopter. I alt vog masta og speilet til saman 3200 kg, og den tunge lasten vart delt i to hiv. I alt 8 personar var i arbeid, og først vart nedre delen av masta frakta opp. Men på den andre venda greidde dei heller ikkje no å få det store og tunge reflektorspeilet i metall på plass. Dermed vart dette frakta ned att på “hotelltomta” og helikopteret måtte dra vidare utan å ha fått fullført arbeidet.
Dei to flygarane i Sikorskimaskina, Nils Heyerdal og Odd Arne Mjelde, var elles vane med presisjonsarbeid. Dei er stasjonerte på Kvernberget ved Kristiansund, og har som oftast oppdrag ut på Haltenbanken. Men på Nokkenibba vart det for vridne tilhøve fredag.
Mandag var så folk frå Televerket på plass og demonterte den delen av masta som speilet er festa på, samt sjølve speilet. Og om dette no har gått til vinterlagring, eller det vert gjort nye forsøk i haust — det var det ingen av karane som kunne svare på.
henta frå Sunnylvingen 22. oktober 1986.