Rosa bedrifter og andre som nytta nynorsk

Leiar i Sunnmøre Mållag, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug til høgre kåserte om nynorsk og bruken av språket. Etterpå fekk ho blomar av Stranda Mållag overrekt av Agnes Havnen.

Stranda Mållag sitt kveldsmøte på Hægstad Gård, Hellesylt samla bra med folk. Her var leiar i Sunnmøre Mållag, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, som rosa bedrifter som nytta nynorsk i reklame.

Leiar i Stranda Mållag, Anders Folkestad ønska vel møtt til ei godt vaksa forsamling på Hægstad Gård torsdag kveld. Møtet skulle ikkje berre ha fokus på nynorskmålet og identitet denne kvelden, men også eit innlegg ved Odd Normann Hoff om stadnamn og tydinga av desse, sa Folkestad innleiingsvis. Og han ønska seg enno fleire medlemer i Stranda Mållag der medlemskontingenten var 200.- kroner frå no og ut 2022.

Mållagsleiar med slektsband til Røyrhus

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug er leiar i Sunnmøre Mållag. Ho har sine røter frå Røyrhus i Sunnylven og føler kvar gong når ho kryssar den gamle fylkesgrensa i Kjellstadli at no kjem ho heim, sa ho. Ho tykte slektsgrenda på Røyrhus og spesielt Røyrhusdalen var vakker.

Nynorsk reklame for kjøttprodukt

Som leiar i Sunnmøre mållag var ho oppteken av at nynorsk, skrift -og talemålet for 500.000 norske menn og kvinner skulle ha sin plass og bli brukt i samfunnet.
Og mange var flinke til å bruke nynorsk, sa ho. Mellom anna trekte ho fram bedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt, ei bedrift som av gode produkt hadde oppnådd utmerkingar i kjøttvare-NM. Med ei mørpakning i handa las ho reklamen på pakken om produktet skrive på nynorsk der det mellom anna stod at innhaldet var laga av kortreiste og trygge råvarer. Det var veldig bra, tykte Øyehaug og la til at også Coop Prix i Furene, Volda og like ved Ivar Aasen sin fødestad nytta nynorsk i reklame.

Eit kommunalt ansvar

I 2021 fekk Norge språklova der det står at Staten har eit særleg ansvar for det minst brukte språket, det vil seie nynorsk, fortalde Ingebjørg Røyrhus Øyehaug.
Så tidleg som i 1892 kom Målparagrafen og gav kommunestyra rundt om mynde til å bestemme kva målform som skulle brukast.
-Kommunane er skuleeigarar og har ansvar for at skulane får skulematriell også på nynorsk, sa Øyehaug.

Håpa språket vart brukt

Ho håpa at både private, bedrifter, barnehagar og andre læringsplassar nytta det flotte språket og levde opp til dei mange gode formålsparagrafane som var vedtekne om bruk av nynorsk.

Ingebjørg Røyrhus Øyehaug hadde rik kunnskap om historia og bruk av nynorsk, interessant informasjon som ho delte med dei frammøtte på kveldsmøtet til Stranda Mållag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380