Lokalnytt

Skåra seks mål då Sunnylven J13 vann

Fotballkampen mellom Sunnylven J13 og Ørsta 2. i same årsklasse på Hellesylt stadion vart aldri spanande. Frå midt i fyrste omgang og ut kampen fauk ballen i mål til heimesiger 6-1

Ørsta 2 kom med eit godt lag til årets siste kamp for J13. 7-er . Men etter ein litt forsiktig start auka heimelaget tempoet og kampens gode domar, Per Helge Liseth, Stranda FK kunne notere skoringar til jentene i raudt og blått. Det vart 3-0 til pause.

I andre omgang heldt målfesten og jubelen frå medelevar fram til det stod 6-0. Heilt på slutten av kampen fekk Ørsta 2 frispark nær mål og det stette dei vakkert i nota bak heimelaget sin elles gode burvaktar Tonje Støverstein.

Det var mange på heimelaget som spela god fotball i denne kampen. Alle skal ha meir enn godkjent, det skulle elles berre mangle når laget vinn 6-1. Men vi har nemt Tonje, og vi såg Selma i ein av beste kampane ho har spela. Og så var det Sofie Kjellstad då som donka inn alle seks måla til heimelaget.
-Det gjekk bra, men eg fekk god hjelp med flotte pasningar frå medspelarane, sa Sofie etter kampen, som fortalde at 60-meteren går unna på litt over 7.0 sekund.

Etter ein god sesong enda jentelaget til Sunnylven 7-er på ein flott tredje plass på tabellen!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380