Skjema for nytt trimår i sal
I veke 42 starta eit nytt trimår i Sunnylven IL. Det digitale registreringssystemet gjennom GEOREG er nullstilt, men klart til bruk for 2022, og på Coop Marked, Hellesylt får ein kjøpe trimskjema.
-Vi held på å gjere klar alle postar med nye trimbøker for neste sesong. Ein kan bruke GEOREG også neste år, men besøk på postane kan også noterast i trimbøker. Vi beheld GEOREG sjøl om fåren med korona er oppheva, for digital registrering er greitt om ein ønskjer å følgje med på eiga poengsanking, seier Per Svein Hole som leiar trimgruppa i Sunnylven IL.
Premiering i november
-Eit nytt trimår starta 20. oktober, men det tek litt tid å få ut bøkene på alle postane. Nokre av kassene er også øydelagde så vi har bestilt nye som kjem på plass etter kvart, seier Hole.
Han håper mange kjøper seg trimskjema. Dei kostar 50.- kroner, og pengane går tilbake som premie til unge og eldre trimmarar som får premieoverrekking ein gong i november.
-Vi ønskjer å premiere så mange som råd, så til fleire trimskjema vi sel til fleire får premie, seier Per Svein Hole.
Nye postar
For 2022 blir det to nye trimpostar i Sunnylven, på Ringdalsegga og Ljøkaia. Om nokon av dei noverande postane blir lagde ned er ikkje heilt avklara enno, men hellesylt.info vil oppdatere om det.