Småjentene avslutta med storsiger 11-0

Småjentelaget til Sunnylven sikra seg ein fin 2. plass i si avdeling. Her fotografert etter siste heimekampen sin. Bak frå venstre: trenar Ole Aasen, Peggy Anita Tronstad, Linda Øksvang, Randi Tronstad, Brynhild Tryggestad, Line Storstein, Hilde Hole, Tone Sundgot, Susanne Ringdal og Ragnhild Åsen. Framme frå venstre: Ingvild Hole, Randi Sæter, Kirsti Frøysadal, Margrete Matvik, Marianne Røyrhus og Stine Sjåstad.

Sesongens siste seriekamp er spela på Hellesylt. Det var småjentene som avslutta med braksiger, heile 11-0 over eit noko redusert Brattvåg-lag.

Her er statistikken for laget sine kampar i 1986:

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info