Snart årets aksjonsveke mot rus
Årets aksjonsveke mot rus startar i Stranda kommune torsdag 4. november med foredrag av Samuel Massie. Dagen etter er det konkurransar og rockekonsert i Strandahallen.
Samuel Massie kjem til Stranda torsdag 4. november for å halde fordrag .
«Han vart brått kjent for mange då båten Berserk forliste under ekspedisjon til Antarktis i 2011.
Historia bak turen til sydishavet starta mange år tidlegare. Skulearbeid frustrerte Samuel, og på grunn av dysleksi vart det vanskeleg å halde konsentrasjon og fokus, -og vegen til skulking og dop blei kort.
På vidaregåande dumpa han ut etter nokre månader, og enda opp med å henge med kompisar, likegyldig og uinteressert i alt».
Slik kan ein lese om Samuel Massie, ein mann med erfaringar å dele med ungdom. Torsdag fortel han til elevar i ungdomsskulesteget og til elevar på vidaregåande skule om sine erfaringar kring emna «Finne seg sjølv», «Dyrke nysgjerrigheit», og «Ha trua på seg sjølv».
Seinare same dag klokka 19.00 blir Samuel Massie å høyre i Storfjord kulturhus der alle føresette, fagpersonar og andre har høve til å møte.
Konkurransar og konsert
Fredag 5. november blir det konkurransar og konsert i Strandahallen med det lokale rockebande Shaved Leather.
Konkurransane har ulike øvingar som alle kan delta i. Det er påmelding på e-post til jon.tommy.flo@politiet.no
Frist for påmelding er tysdag 02. november før kl. 24.00, men ein treng ikkje delta i konkurransar for å kome på arrangementet i Strandahallen. Det er berre å kome, du er velkomen uansett, skriv Frivilligsentralen i Stranda kommune.