Lokalnytt

Storm Duo spelar på Lensmannsstova!

Kristina Farstad Bjørdal til venstre, og Asta Soffia Thorgeirsdottir

Storm Duo består av to unge gjenter med kvar sitt trekkspel. Tysdag 2. november blir dei å sjå og høyre med konsert i Lensmannstova på Lillebø.

Storm Duo har eit breitt repertoar som spenner seg frå klassisk musikk, via varietémusikk til folkemusikk frå Noreg og Island. Kristina Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir møttes første gong for samspel i 2017. Dei kjende umiddelbart at dei hadde ein unik musikalsk kjemi dei måtte bygge vidare på, og i dag spelar dei frå sitt varierte repertoar beståande av deira eigne yndlingslåtar!

Duoen har også som mål å vise kor mykje forskjellig musikk trekkspelet kan brukast til, og kor anvendeleg instrumentet eigentleg er!

Eitt av medlemane i Storm Duo, Kristina Bjørdal er kjent for publikum i Lensmannstova frå tidlegare. I 2019 var ho innom med konsert saman med to andre i Sommer Trio, ei gruppe som den gongen spela folkemusikk frå fleire kantar av landet.
Denne gongen har Kristina Bjørdal slege seg saman med Asta Thorgeirsdottir til ein duo som framfører klassisk musikk frå sitt repertoar.

Vi vil også trekkje fram at Storm Duo spelar sjølvarrangert folkemusikk frå Noreg og Island, noko dei har forska mykje på i seinare tid!
Vel møtt til Lensmannsstova på Hellesylt for ein variert trekkspelaften!

 

Påmelding til Synnøve på tlf.nr +47 90 95 11 85

Salg av sveler og kaffi
Billettpris 200 kr
Vi gleder oss stort!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380