Støtt TV-aksjonen «Barn, ikke brud» søndag
Søndag 24. oktober går TV-aksjonen 2021. Innsamlingsaksjonen, eller årets største dugnad går i år til Plan Internasjonal sitt arbeid for born som blir misbrukt og har fått namnet «Barn, ikke brud».
Innsamlinga i Stranda kommune blir digitalt i år, seier Aud Tomasgard Berstad ved Frivilligsentralen. Ho synest det alltid har vore kjekt å jobbe med innsamlingsaksjonen, men det er mykje arbeid. Det har også vore litt problem å få tak i nok bøsseberarar mellom anna i Stranda sentrum, så i fjor under korona-epidemien vart aksjonen gjennomført digitalt. Det kom inn litt mindre enn vanleg, men likevel eit bra resultat, tykte ho.
Også i år blir innsamlinga digital, men om det blir slik neste år er ikkje sikkert, kanskje kjem bøssene i bruk igjen då.
-Eg får diskutere det med min nye medarbeidar kva vi skal gjere i 2022, seier Aud Tomasgard Berstad. Ho håpar alle blir med på innsamlinga digitalt og støttar det viktige arbeidet pengane skal gå til.
Kan betale inn gåve i banken
Ordførar Jan Ove Tryggestad er leiar for den kommunale innsamlingskomitéen. Andre som er med er varaordførar Svein Erik Rimstad, Aud Tomasgard Berstad og Jostein Dalen.
-Vi måtte bestemme oss for innsamlingsform før landet opna opp etter korona-epidemien, og dermed vart det digital innsamling også i år. Eg håper folk rundt om i kommunen gjev raust, for TV-aksjonen og det som kjem inn går til ei god sak, til kamp mot at unge jenter skal bli misbrukte. Også Stranda kommune kjem til å bidra med ei raus gåve til innsamlinga slik kommunen alltid har gjort, seier ordførar Tryggestad.
Ordføraren opplyser også om at dei som ikkje har tilgang eller ønskjer å bruke den digitale tenesta, kan gå i banken og betale inn sine bidrag der.
TV-innsamlinga foregår søndag 24. oktober, men alt no kan ein gå inn og gje sine bidrag. Bruk lenka under og vel kva eller kor mykje du ønskjer å støtte TV-aksjonen 2021 med:
https://www.spleis.no/project/189739/description
Slike innsamlingsaksjonar har vore arrangert kvart år sidan 1974 og pengane har gått til fleire organisasjonar. I år er det Plan International sin tur, ein global bistandsorganisasjon der det innsamla beløpet skal brukast i arbeidet for å få slutt på barneekteskap i land som Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.
Det skal i staden bli jobba for at barn blir på skulane, og at foreldre får lære om deira rettigheiter, skriv Plan og minner om mottoet for aksjonen; Barn skal vere barn, ikkje brud.