Sunnylven Bygdekvinnelag manglar styreleiar

Anne Marie Sømoen Frøysa t. v. og Inghild Storstein på Verdas matvaredag 2018. Der baud bygdekvinnelaget på mat av bygg, her serverer dei riskrem av kornsorten som trivast godt i Norge.

I lensmannstova på Lillebø var om lag halvparten av Sunnylven Bygdekvinnelag sine 30 medlemer samla til årsmøte nyleg. Årsmøtesakene gjekk raskt unna, men val av nytt styre lukkast ikkje.

Anne Marie Sømoen Frøysa har vore styremedlem i mange år og leiar i Sunnylven Bygekvinnelag dei to siste åra. No ønska ho avløysing, men valnemnda hadde ikkje lukkast med å finne ny til årsmøtet. Dermed må det bli framhaldande årsmøte for å få eit komplett styre på plass. Dato for nytt årsmøte er torsdag 11. november.

Nye rundar for valnemnda

Fram til då må valnemnda gjere nye rundar mellom medlemane for å finne ein leiar, men også to nye i styret. Det gamle styret kjem til å hjelpe med å finne kandidatar til den nye leiinga, seier Anne Marie Sømoen Frøysa som ønska å få avløysing no, men som har sagt seg viljug til å vere med som styremedlem om ikkje andre takkar ja.

Eit lag for heile bygda

-For nokre år sidan vart namnet endra frå bondekvinnelag til bygdekvinnelag for at alle i bygda kunne føle tilhøyrigheit til laget. Vi var mange nokre år, men dei siste åra har vi mista mange medlemer og var 30 siste året. Dei som går frå skuldar på at det er slitsamt å vere med på tilstellingar i fleire lag og store arrangement som Hellesyltdagane der bygdekvinnelaget sel rjomegraut og anna tradisjonsmat. Men om laga og medlemane ikkje stiller på så blir det heller ikkje arrangement som Sommardagar på Hellesylt, seier Anne Marie Sømoen Frøysa.

Ho synest det er synd at bygdekvinnelaget ikkje har fått eit fulltallig styre på plass. Laget har god økonomi og arbeider for saker som vedkjem alle i heile bygda, seier ho, noko som også kjem fram i både årsmelding og rekneskap.

Mindre aktivitet

Av aktiviteten i laget har fleire ting blitt avlyst grunna korona, men ein del har også blitt gjennomført. I november hadde laget messetreff i gata på Hellesylt der det vart fyrt på bålpanna og spandert pepperkake og gløgg. Som vanleg stod laget også for pynting av kyrkja til hausttakkefesten, det har blitt halde seks styremøte og handsama 20 saker, og det har blitt avhelde to medlemsmøter.

Mange pengegåver

«Julegåvene» frå bygdekvinnelaget i fjor viser at det er eit lag for alle i bygda. Pengegåver gjekk til omsorgssenteret, HUL barneleikarringen, Sunnylven biliotek, Sunnylven skulekorps, Hellesylt bygdetun, Gamleskulen aktivitetsmuseum og til Hellesylt songlag.
Til FAU og øyremerka Klatrepyramida ved skulen har laget gjeve 10.000.- kroner.

Det gamle styret var;
Anne Marie Sømoen Frøysa (ut), Inghild Storstein, Marit Hellebostad, Astrid Tronstad Dyrkorn (ut), Grete Bjørdal (ut).

Varamedlemer: Randi Tynes, Liv Norunn Langeland, Kjellaug Tronstad.

Valnemnd: Gunnhild Kvam, Synnøve Kjellstad, Olveig Frøysa

Revisorar: Rita Rudning Røyrhus, Oddbjørg Stadheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380