Sunnylven J13 møter Ørsta 2
Sunnylven sitt J13-lag i fotball møter Ørsta2 på Hellesylt stadion i kveld klokka 18.30. Det er årets nest siste seriekamp på stadion.
Sunnylven sitt jentelag har hatt ein flott sesong. Dei har spela serie i J13.07 avd. 2 haust, med spelarar som har vore yngre og eldre enn avdelinga dei har spela i. Slik blir det i små klubbar om alle som vil skal få eit fotballtilbod.
Det har blitt nokre tapte kampar, men også flotte mål og sigrar. Hasundgot og Hødd 2 var det lite å gjere med i år, dei to kjempar om toppen i avdelinga.
Grunna pandemi vart det berre to kampar i vårsesongen, men i haust har alle blitt spela unntatt ein, mot Bergsøy som ikkje kunne stille lag.
Uansett resultat i kveld vil jentelaget bli nummer 3. på tabellen med 12 poeng, eller 15 poeng om det blir siger mot Ørsta 2.
Hødd 2 og Hasundgot kjempar om å vinne J13.07 avd. 2 haust.
Kom på Hellesylt stadion i kveld og sjå Sunnylven J13 bli «bronselag»
Onsdag møter Sunnylven G13 Volda 3 til seriekamp på Hellesylt stadion kl. 18.30.