Ukategorisert

To kampar på Hellesylt stadion torsdag

Sunnylven gutar 13, 7-ar spela uavgjort mot Åheim på heimebane torsdag. Bildet er frå ein tidlegare kamp på Hellesylt stadion.

Sunnylven J10 vann mot Aksla, og Sunnylven G13 spela uavgjort mot Åheim. Begge kampane vart spela på Hellesylt stadion torsdag.

Det var stor aktivitet med to kampar og mykje publikum på Hellesylt stadion torsdag kveld.
I ein kamp mellom Sunnylven og Aksla i J10 vann Sunnylven 6 (7?) – 2. Ved pause leia heimelaget 4-0.

Uavgjort for G13.

Mellom Sunnylven og Åheim i G13 vart resultatet uavgjort 5 – 5. Åheim skåra tidleg og leia 2-1 ved pause. Også i andre omgang var gjestane det førande laget, men heilt på slutten utlikna Sunnylven og dermed poengdeling.

Mål for Sunnylven: David Røyrhus 2. Trym Helset 1, pluss to sjølmål.
Dommar: Odd Even Svindseth, VRF.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380