Årets Storfjordkalendar er i sal

Storfjordkalendaren for 2022 er no i sal. -Ei flott julegåve for alle kulturinteresserte både på og utanfor Sunnmøre, seier leiaren i Storfjordens Venner Inge Bjørdal.
Som tidlegare år har Storfjordkalendaren også denne gongen mykje godt historisk lesestoff i tillegg til oversikt over månader, veker og dagar i 2022.
Bidragsytarane til dei mange forteljingane som er illustrert med bilete er interessant skildra av personar med «fin og lett penn» frå fleire kommunar og bygder langs Storfjorden.
Kjøp kalendaren
Kalendaren kan kjøpast fleire stader på Sunnmøre, ved ARK og Nordli på Moa, eller i butikkar på Skodje, Sjøholt, Stordal, Sykkylven, Stranda, Hellesylt, Geiranger, Eidsdal og Valldal.
Som medlem i Storfjordens Venner kan du også få kalendaren tilsendt portofritt. Send tinging til einar@verdsarvfjord.no og betal med Vipps nr. 107649 Storfjordens Venner, eller faktura blir lagt ved kalendaren. Den kostar 150.- kroner.
Lokale bidragsytarar
I kalendaren blir hendingar og bilete frå farne tider presentert, seier Inge Bjørdal, før han nemner bidragsytarar som han kallar av dei fremste lokalhistorikarane vi har i vårt område.
Arne Ringdal (Hellesylt i 1890-åra)
Odd Normann Hoff (Lindane)
Asgeir Kvernberg (korleis dei kjølte og heldt mjølka kald fram til levering), og om (Furstrandvegen)
Kristian Almås (Plasse-Knut og Plasse-Karen på Vikja på Dyrkorn)
Bernt Jelsten (Gjetarlivet og korleis ungane var med på dette – barnegjeting)
Astor Furset (Bogestillingar i høgfjellet)
Bjørn Steinar Skarbø (Fjellgarden Gausneset i Ørskog)
Jon Slyngstad (Sagbruket i Djupdalen)
Jon Slyngstad (Holtsetra i Geirangerfjorden)
Helge Søvik (Forteljinga om korleis Geirangerfjorden kom på lista over verdsarven Riksantikvar Øyvind Lunde)
Kjell Ole Løseth (Teatersjefen frå Bjørnevika på Fursetstranda)
Med andre ord, svært variert innhald, tematisk sett der også mange nolevande vil kjenne seg att i mykje av stoffet. Betre julelektyre kan du ikkje gi til folk som er interesserte i lokalhistorie og arbeidet til Storfjordens Venner, seier Bjørdal og legg til;
-Kalenderen i kombinasjon med serien frå Sunnmøre Live om Gardane langs Storfjorden ( https://slive.no/category/program/serier/storfjordens-venner ) trur eg svært mange vil finne glede i å sjå og lese – langt utanfor medlemsflokken til Storfjordens Venner.
Takkar sponsorar og redaksjonskomite
-Vi har mange viktige sponsorar til dette kjerneproduktet for Storfjordens Venner, og vi takkar alle desse. Redaksjonskomiteen Asgeir Kvernberg, Bjørn Steinar Skarbø, Odd Normann Hoff skal også ha lovord for vel utført arbeid med kalenderen nok eit år, avsluttar Inge Bjørdal.