Bra avskyting i hjortejakta
Ved slutten av november var det felt 415 hjort i Stranda kommune. Framleis varer hjortejakta vel tre veker til.
I Stranda er ein i rute til å nå 500 felte hjort i år, skriv sekretær i Viltnemnda, Asle Johan Konnerth som fører nøye statestikk etter innrapporteringar frå jaktvalda. Det har så langt resultert i 415 felte dyr.
Jegerane ser mykje hjort, men truleg same dyret fleire gonger i løpet av jakta. Kvar jegerdag er det sett 2.37 hjort, og felt 0.15 av dei, står å lese ut av statestikken som så langt er slik:
Felte dyr.
Vaksne hann 59
Vaksne ho 107
Ungdyr hann 56
Ungdyr ho 76
Kalv hann 58
Kalv ho 59