Notiser

Brukarundersøking i Fjord og Stranda kommune

 

Frå 2008 har eigarar og brukarar i Vestnorsk Fjordlandskap fått støtte til å ta vare på bruken og visuell skjøtsel av kulturlandskap. No skal planen for støtta oppdaterast.

Pressemelding

Vestnorsk Fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart i 2005 innskrivne på UNESCO si verdsarvliste som naturområde med internasjonal kvalitet.

Tilleggsmoment for innskrivinga er det aktive jordbrukslandskapet som tilfører området ein kulturell dimensjon.

For å ta vare på verdiane i jordbrukslandskapet, er det avgjerande å ha aktive bønder og andre som skjøttar landskapet. Dei som gjer ein innsats for dette har sidan 2008 fått økonomisk støtte for dette arbeidet.

Oppdatering av tiltaksplan

Tiltaksplan for Vestnorsk fjordlandskap grunnlag for løyvingane den gongen.

Denne planen er no mogen for oppdatering. I samband med revisjonsarbeidet vert det i desse dagar utført ei brukarundersøking (intervju med vel 20 personar), som vil bli viktig for å kunne vurdere og synleggjere behovet for økonomiske verkemiddel for vidare drift og skjøtsel av landbruksareala og kulturlandskapet i verdsarvområdet.

For Fjord og Stranda kommune

Stranda kommune administrerer tilskota for både Fjord og Stranda.
Det er kommunane Stranda og Aurland som er ansvarleg for utarbeiding av ny tiltaksplan for høvesvis nord- og sørområdet av Vestnorsk fjordlandskap.
Svara frå undersøkinga vil bli nytta til å utforme verkemidla i den neste funksjonsperioden for tiltaksplanen.

(https://www.statsforvalteren.no/contentassets/204f2348c8814b9f8d27b0468ad256fc/tiltaksplan_for_kulturlandskapet.pdf )

 

 

 
 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380