Dansa seg til sjokolade

I alt 17 dansarar frå HUL deltok med tre innslag på Sjokoladekappleik i Aasen-tunet. Bak til høgre står leiar og instruktør for dei unge, Wenche Høgalmen Ringdal. (Foto: Gunnar Fivelstad)

Søndag deltok barneleikarringen i Hellesylt Ungdomslag i Sjokoladekappleik i folkedans. Saman med leiarar og foreldre drog 17 dansarar til Ivar Aasen-tunet i Ørsta der arrangementet var i år.

I sin finaste stas deltok 17 unge dansarar frå Hellesylt Ungdomslag i årets Sjokoladekappleik i Ivar Aasen-tunet i Ørsta sist søndag. Her imponerte dei både dommarar og publikum med sine danseframvisingar. Sjokoladekappleik er ei årleg mønstring for unge jenter og gutar opp til 18 år, og barneleikarringen i HUL har delteke dei aller fleste gongane.

Fekk gode kommentar

Wenche Høgalmen Ringdal er leiar i styret for barneleikarringen, ei gruppe som også har fire andre med.
-Vi hadde tre øvingar framfor sjokoladekappleiken i Ivar Aasen-tunet og dansinga gjekk svært bra. Eg trur vi var dei beste denne gongen, for dansarane våre var veldig flinke som alltid. Og etter at det heile var over fekk vi i alle fall mykje skryt der enkelte kommenterte med at -de driv jammen godt på Hellesylt. Det er kjekke tilbakemeldingar å få, seier Wenche Høgalmen Ringdal.

Dansarane frå HUL var med på tre innslag, den yngste gruppa dansa fyrst «Herr smett», så var alle med på eit fellesinnslag i «Familievals», før dei eldste dansarane frå HUL avslutta med «Gamal reinlender».

Øver til generasjonstreff

Vi kjem til å øve dans annakvar veke framover, for vi håper å invitere til eit generasjonstreff når Sunnylven samfunnshus er ferdig renovert. Truleg blir det i februar i vinterferieveka neste år. Til då skal vi i barneleikarringen øve inn eit litt større program som vi vil vise, seier Wenche Høgalmen Ringdal på telefon.

Både song, spel og dans

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste. Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får sjokolade i premie. I tillegg får alle utøvarar tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar. Arrangøren av Sjokoladekappleik er Folkemusikkarkivet ved Musea på Sunnmøre og Møre & Romsdal.

 

Alle deltakarar fekk kvar sin stor sjokolade i premie for innsatsen. (Foto frå arrangøren)

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380