Det «uslåelege» fotballaget
Det var ein ny vellykka turneringsdag laurdag 6. november i Sparebanken Møre arena.
Alle foto: Kim Sture Flo
Sunnylven IL sine aller yngste fotballtalent var deltakarar i Tare-turnering i Sparebanken Møre arena laurdag 6. november. Kim Sture Flo er trenar for laget og kunne rapportere om eit vinnarlag.
-Vi spelte mot Bergsøy, Guard og Ørsta og det endte med strålande spel, tre seiera og meget fornøgde spelarar.