Lokalnytt

Feira NM-heider med stor kake.

«Gratulerer med medaljene» stod å lese på kaka som bei tilsette fekk dele onsdag.

Kjøtvareprodusenten Ole Ringdal AS på Hellesylt vart mellom vinnarane i NM kjøtprodukter nok ein gong. Bedrifta sanka både gull og sølv under matmeisterskapen, og onsdag denne veka vart heideren feira med stor kake.

Ole Ringdal AS har delteke i NM kjøtprodukter frå tidleg på 90-talet. Alltid har domarane sett pris på produkta frå hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt noko veggen i kantina ved bedrifta fortel alt om. Her må det snart utviding til.

KLF er ein organisasjon som representerer private bedrifter innan kjøt-, egg- og fjørfeprodukter i Norge. Organisasjonen har rundt 140 medlemsbedrifter fordelt over heile landet.

Gull to gonger for pinnekjøt

Kvar haust konkurrerer dei om den beste julematen, ein konkurranse som er knalltøff, fortel dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal. For bedrifta hans og dei 80 – 90 tilsette vart det suksess nok ein gong. Det vart både gull og sølv, ja faktisk to gull då selskapet Kurås i Narvik også fekk gull for pinnekjøtet som Ole Ringdal AS på Hellesylt produserer for dei.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal og sjef på spekematavdelinga Vidar Even Leite viser fram medaljer og diplom frå NM.

Tid til litt kake

-For oss vart det medaljer og diplom på veggen for heil side urøykt pinnekjøtt, og sølv for røykt pinnekjøtt, fortel dagleg leiar. På ein travel dag i førjulstida har han sett seg ned for å smake på kaka saman med sine tilsett. Ved same bord set sjefen ved spekematavdelinga Vidar Even Leite, nyleg tildelt gullklokke for 30 år ved bedrifta under ei julebordsamling.

Rosa tilsette på facebook

Under suksessen i kjøttvare-NM la Ringdal ut ei melding på facebook der han rosa både tilsette ved bedrifta og husdyrbrukarar;
– Gratulerer til våre fantastiske, rå og dyktige tilsette som alltid gjer sitt beste. Dette gjer at vi kan levere topp resultat i nok eit NM. Takk også til våre dyktige bønder som ser verdien av å ha eit lokalt slakteri på Hellesylt og for at de leverer lam i verdsklasse!, skreiv Ole Arnstein Ringdal.

Rett bearbeiding viktig

Ved bordet stiller vi spørsmålet kva som skal til for å gjenta ei topplassering i NM år etter år;
-Vi må ha ei god råvarer, stort fint lam med feitt på, slakta rett og fritt for blod, deretter partert, passe salta, godt modna og tørka.
Dei gjer god jobb på spekematavdelinga, seier Ringdal.
Sjefen der Vidar Even Leite er sjølvsagt også nøgd med resultatet av NM-konkurransen, men ber oss få fram at han deler heider og medaljer med dei andre på avdelinga.
-Dei kjem igjen år etter år og står verkeleg på når dei er her. Alle gjer ein kjempejobb, seier han om dei polske sesongarbeidarane.

Vidar Even Leite i midten og Ole Arnstein Ringdal nr. to frå høgre saman med dyktige sesongarbeidarar frå Polen. Og framleis heng mykje god «gullmat» på klimarommet

.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380