Lokalnytt

Fekk gullklokka under julebordsamlinga

Også i år delte bedrifta Ole Ringdal AS ut gullur til trufaste medarbeidarar. Denne gongen var det Vidar Even Leite, i midten som fekk heidersbevis og gode ord frå disponent Kristen Ringdal til høgre, og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal. (Foto: Privat)

Under julebordsamlinga ved Ole Ringdal AS i Geiranger nyleg fekk Vidar Even Leite heiderbevis og gode ord for lang og tru teneste ved bedrifta.

Vidar Even Leite vart under julebordsamling i Ole Ringdal AS tildelt bedrifta sitt gullur, og Norges Vels`s medalje med diplom. Også ein stor blomsterbukett fylgde med gode ord frå leiinga ved overrekkinga.

Vidar Even Leite har jobba ved hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt i 30 år. Han hadde sin fyrste arbeidsdag der i 1988. Her har han jobba unntatt eit par år ved ei anna kjøttvarebedrift.

Han starta i produksjonen av pølser, kjøttdeig og pålegg der han avla prøve til fagbrev. Seinare har han teke steget over i spekematavdelinga der han har hovedansvaret i dag. At han kan sitt fag fortel vel årets resultat frå NM i kjøtfag der det vart både gull og sølv for pinnekjøt.
Litt beskjeden, men like fullt raust deler den tidlegare storspelaren på Sunnylven sitt fotballag medaljer og heideren med dei andre tilsette der.

Vidar Even Leite var den 25 tilsette som i Ole Rindal AS si vel 80 år lange historie fekk tildelt gullklokka.

Vidar Even Leite fekk skjere fyrste stykke av kaka då medaljene frå NM kjøttfag vart feira.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380