FIN OG VERDIG HØGTIDING AV 75-ÅRS JUBILEET I HELLESYLT U L

Desse formennene i HUL var til stades under festmiddagen. Framme frå v.: Ingebjørg Sårheim Fivelstad, Elsa Ljøen, Jan Ove Tryggestad, Turid Tryggestad Espe og Åshild Syltevig Rusten. Andre rekke frå v.: Bjarne Haugen, Ivar L Tryggestad, Arnfinn Tryggestad, Tor Tryggestad, Simon Aasen. tredje rekke frå v.: Oddbjørn Tryggestad, Kristen O Ringdal, Oddmund Fivelstad, Ole Aasen og Hans Rudi. Fjerde rekke: Ottar Langeland, Amund Lien, Inge Røyrhus (delvis skjult), Per Kristian Frøysa og Jon Arne Langeland.

Hellesylt Ungdomslag høgtida 75- års jubileet sitt på ein fin og verdig måte laurdag. Tidlegare på dagen var alle tidlegare formenn og teatergruppa i HUL bedne inn til jubileumsmiddag. Og om kvelden var det open fest for bygdefolket på samfunnshuset. Her hadde HUL fått til eit variert og godt program som gledde alle i ein mest fullsett sal.

Det var formannen, Jan Ove Tryggestad, som på vegne av Hellesylt Ungdomslag kunne ynskje alle velkomne til 75- års jubileet. Tryggestad fortalde så kort om skipinga av HUL, der den første formålsparagrafen sa at laget skulle arbeide for folkeleg opplysning på fullnorsk grunn og for samhald og styrke mellom ungdommen. Dei første arbeidsåra var aktivitetane på mota foredrag, ordskifte, opplesing og skriving i lagsbladet Fram. Heilt sidan starten har og laget årleg framført skodespel.

— Folkemusikken fekk og tidleg innpass  i den frilynde rørsla, fortalde Jan Ove Tryggestad då han introduserte det forste programinnslaget på jubileumsfesten: musikk av Kjellstadguten Spelmannslag. Dei spela først ein slått, og kom så att med Vossavalsen og «Glugen» av Ola Kjellstad i ei seinare avdeling.

— Teaterlivet har elles blomstra i laget, og nivået på teaterframsyningane i laget har gått jamnt oppover. Ein god støttespelar i dei seinare år har vore Teatret Vårt.Dei har vist velvilje med utlån av kostymer og med instruktørhjelp. Ein av desse instruktørane har vore skodespelaren Terje Hartvigsen. Og han hadde HUL fått til festen for å fortelje og kåsere over emnet kommunikasjon. Og Hartvigsen var i glitrande form. Han gratulerte først HUL med jubileet, og las så dikt mellom anna av Edvard Hoem, Jan Erik Vold og Herman Wildenvey. Innimellom fortalde han småstubbar og historier. Glimrande var han i sine imitasjonar av tidlegare forfattarar !

SKRIVANDE MEDLEMMAR

HUL har giennom åra fostra mange verkeleg skriveføre medlemmar. Ein av dei mest sentrale i dei første tidene, var Andreas P Ringdal. I lagsbladet Fram har han ei mengd bidrag. Til julefesten i 1925 skreiv han eit dikt, og dette framførte Inghild Storstein på jubileumsfesten. Ivar Ringdal var og ein flittig bidragsytar med mange dikt, og han var og frampå som viseskrivar. Styret i HUL hadde leita fram ei av desse visene, og  sitt bidrag til programmet på festen, sang dei denne visa. Ivar Ringdal skreiv 3 strofer på visa i 1930- åra, og for å føre visa fram til i dag, hadde Anne Marie Sømoen Frøysa skrive til ei 4. strofe. Og framføringa til HUL- styret gjorde stor lukke.

HUL- kunne vel heller ikkje funne ein meir interessant og sprudlande kåsør enn Harald Grytten viste seg å vere. Han snakka om song, musikk og teaterarbeid, og om den betydning dette har, om mystikken i orda og tonane og om kontakta mellom scene og sal under framføringane. Grytten takka for det som er skapt i ungdomslaga og han ønskte til lukke med det som skal skapast der seinare.

95 ÅRIGE LAURA LILLEBO – ELDSTE ATTLEVANDE FORMANN

Tidlegare på dagen var representantar frå HUL på vitjing til 95 år gamle Laura Lillebo, med blomar til ho som var den første kvinnlege formann i laget og no den eldste attlevande av formennene. Laura Lillebo hadde då skrive ned korte minne om lagsarbeidet i hennar tid, og ei helsing til laget. Dette las Jan Ove Tryggestad opp på festen.

SONG OG MUSIKK

— Hellesylt Songlag vart skipa i 1901, og som historia fortel så talde koret i 1911 20-30 medlemmar. Desse var aktive i HUL. Dette koret er i høgste grad aktivt den dag i dag, og i kveld vil dei saman med Stranda Blandakor framføre ei potpouri over kjende operettemelodiar, sa programleiar Jan Ove Tryggestad, og overlet scena til dei to kora. Under leiinga av dirigent Vidar Skogly song kora så eit program som dei tidlegare ikkje har brukt her i bygda. Songpotpouriet vart innøvd til Songarstem Stranda, men kora hadde tydeleg vis halde songen godt ved like. For fint let det i alle fall.

GAMMAL LAGSBOK

Åshild Syltevig Rusten overrekker lagsboka til Jan Ove Tryggestad.

Aashild Syltevig Rusten kunne så fortelje festlyden at eit garnmalt klenodium for laget var attfunne. Det var møteboka for laget frå åra 1916- 1920. Denne boka trudde ein var borte for godt, men Rusten hadde funne att boka i papir etter far sin. Ho las så frå den interessante møteboka om diskusjon som medlemmane hadde hatt om giftarmål og likestilling når det galdt å fri. Diskusjonen var frå 1917, og deltakarane var ikkje heilt samde om kor vidt ein då hadde nådd full likestilling eller ikkje. Men dei var i alle fall samde om at det hadde vore store framsteg på dette området dei siste 30 åra. Songgruppa «Snacks» var dei yngre sin representant i programmet. Dei framførte songar av Olav Stedje. Kristin Storstein song og saman med Jan Ove Tryggestad og med gitarakkompagnement av Knut Hanssen.

Frå festmiddagen for innbedne gjestar i Grandkjellaren.

Middagen for dei innbedne giestane vart halden i Grandkjellaren. Under middagen vart det bore fram blomsterhelsingar frå Hellesylt songlag, Sunnylven sanitetslag og Stranda kommune. Det vanka og gåver og helsingar frå Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag ved Randulf Bakken og frå Stranda Ungdomslag ved Roger Berge.

Stor glede vekte det og då Aashild Syltevig Rusten kunne fortelje at ho i papir etter far sin hadde funne ei lagsbok frå åra 1916-1920. Ei bok som alle trudde hadde gått tapt. Hellesylt Ungdomslag gav og blomar til Oddvin Parr, mangeårig leiar i teatergruppa — den gruppa. som mest av alle har stått for aktiviteten i HUL i dei seinare åra. På festen om kvelden avrunda formannen i HUL, Jan Ove Tryggestad , programmet med å syne fram gåvene laget hadde fått til 75- års jubileet sitt.

H.U.L. HELSA DEN FØRSTE KVINNLEGE FORMANNEN SIN

I høve jubileum i eit lag er det alltid hyggeleg å få vise tidlegare trugne medarbeidarar litt oppmerksomheit og gje dei ei lita takk for arbeidet som har vore lagt ned. For styret i Hellesylt Ungdomslag var det ei ekstra glede å få høve til å ei blomsterhelsing til den første kvinnlege formannen i laget, Laura Lillebø. Og 95- årige Laura Lillebø kvitterte for blomane med sjølv å skrive ei helsing til laget saman med eit kort attersyn på dei fyrste lagsåra i Hellesylt Ungdomslag !

Laura Lillebø vert overrekt blomar av formannen i HUL, Jan Ove Tryggestad. Til høgre står styremedlem i laget, Tor Tryggestad.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info