Lokalnytt

Flakk Invest AS har kjøpt Hægstad Gård.

Onsdag vart det offisielt kjent at Flakk Invest AS, eit selskap eigd av Egil Flakk har kjøpt Hægstad Gård på Hellesylt av Heltre AS. Her frå den symbolske nøkkeloverrekkinga, frå Øystein Ljøen i Heltre til Kari Mette Ski i Flakk Gruppen. Til høgre eigedomsforvaltar i Flakk Gruppen John Egil Giørtz Jacobsen.

Hægstad Gård på Hellesylt er seld frå Heltre AS til Flakk Invest AS. Onsdag vart det formelle med overdraginga ordna.

Hægstad Gård vart bygd i 2002 som kafe og utstillingslokale for Peer Gynt-relieffa av kunstnaren Oddvin Parr. Selskapet Heltre AS har vore eigar av Hægstad Gård dei siste åra, men no er eigedomen og kunsten kjøpt av Flakk Invest, eit selskap eigd av Egil Flakk.

-Hægstad Gård og Peer Gynt-relieffa har nærast vore «hjartebarn» for Egil Flakk og det var viktig for han at både bygget og kunsten vart teken vare på for framtida. Det sa Kari Mette Ski i Flakk Gruppen og styreleiar i Peer Gynt Galleriet AS. Saman med eigedomsforvaltar John Egil Giørtz Jacobsen var ho på Hellesylt onsdag denne veka og ordna det formelle med overdraginga.

Kari Mette Ski stadfestar at alle Peer Gynt-relieffa blir verande i galleriet på Hellesylt. Lokalet i Hægstad Gård er godt eigna og dei unike treskurdrelieffa står seg godt. Det skal gjerast nokre utbetringar på lyd og lys, og då kan galleriet opnast for publikum igjen, seier ho.

Geiranger Bakeri har leigd seg inn i bygget med kafé og utsal av bakevarer. Kari Mette Ski håper at bygdefolket og andre er flinke til å bruke tilbudet.
-Det er eit dyrt bygg å drifte. No når galleriet og kunsten igjen blir å sjå er det leigarane ved Geiranger Bakeri som vil stå for sal av billettar i deira opningstid. Dei har også sagt seg viljuge til å opne galleriet etter avtale for reisande utanom opningstider, til dømes pensjonistlag eller andre små og store grupper i forbindelse med eit arrangement, sa Kari Mette Ski.

Også ein del vedlikehald av bygget skal ordnast, mellom anna vart alle lås i alle dører skifta onsdag. Andre større endringar er ikkje planlagt, men kva som skjer framover, mellom anna når Basecamp Hotel på Hellesyltneset kjem i drift får tida vise, vart sagt på spørsmål frå hellesylt.info.

Hægstad Gård, eller Peer Gynt Galleriet vart bygd i 2002 og huser dei unike Peer Gynt-relieffa laga av kunstnaren Oddvin Parr.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380