Folkelarmprisen til Britt Pernille Frøholm
-Dette var heilt fantastisk! Det seier meisterspelar på hardingfele Britt Pernille Frøholm. Laurdag vann folkemusikaren frå Hornindal Folkelarmprisen i klassa Solo for plata «Fokhaugen».
Presseskriv.
Folkelarmprisen er folkemusikken sin eigen platepris og har blitt delt ut kvart år sidan 2005 under bransjetreffet Folkelarm. I år under bransjetreffet Folkelarm vart prisane delt ut i kategoriane, «Solo», «Dokumentasjon», «Tradisjonelt samspel», «Åpen klasse», og til «Årets folkemusiker».
Treff lyttaren med stor kraft
I kategorien for beste solo-utgjeving gjekk prisen til hardingfelemeisteren Britt Pernille Frøholm og hennar kritikarroste utgjeving «Fokhaugen».
«Her møter vi eit gjennomarbeida tradisjonsmateriale, og spelet er overbevisande og tydeleg utforma. Nærvær og nerve gjennomsyrar albumet», skriv juryen imellom anna i grunngjevinga.
– Det er ei stor ære for meg å ha vunne ein så gjev pris akkurat no og ekstra moro å ha vore nominert to år på rad. Folkelarmprisen er jo den viktigaste prisen vi har i miljøet og denne utmerkinga betyr enormt mykje, forklarar ei tydeleg rørt Britt Pernille Frøholm før ho held fram:
– Det varmar å få anerkjennelse for heile mitt musikalske virke frå ein fagjury, spesielt når ein har foten innanfor både folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Dette er musikalske uttrykk som har vore viktige for meg på lik linje med det tradisjonelle slåttespelet. Kjærleiken min til den tradisjonelle folkemusikken har alltid vore eit viktig fundament for meg å ha med i bagasjen når eg bevegar meg inn i nye lydlandskap, seier Frøholm som kom frå Berlin i høve prisutdelinga.