God påmelding på julebord på Hægstad Gård

Det er framleis nokre ledige plassar til julebuffet på Hægstad Gård med Geiranger Bakeri laurdag 4. desember. I tillegg til eit bugnande bord julemat blir det musikk og dans.

Det blir stor julestemning og mykje godt på både tallerken og i glas når vertskapet på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri inviterer til julebuffet og det gode måltidet laurdag 4. desember. Mange er påmeldt, men framleis er det nokre ledige plassar, opplyser arrangøren. Ver snar å meld deg på om du ønskjer ein velsmakande og triveleg førjulskveld laurdag 4. desember frå klokka 19.00.
Arrangøren har også hyra inn Joyride Band til å stå for underhaldning og musikk for danseglade. Bandet er kjent i området frå tidlegare, mellom anna frå Union Hotel, Geiranger.

Pris julebuffet og musikk: kr. 560.- pr. person.
Påmelding til julebordet på e-post:
www.bestilling@geirangerbakeri.no

Joyride Band spelar til underhaldning og dans under Geiranger Bakeri sitt julebordet på Hægstad Gård.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380