For 35 år sidan

Generalforsamlinga i Hellesylt Stadion vart ein festkveld

John Ringdal skjer opp kaka.

Generalforsamlinga i Hellesylt Stadion vart ein festkveld med mange høgdepunkt for dei fram mot 140 frammøtte aksjonærane. Frå styret si beretning det fram at Hellesylt Stadion sine anlegg har kosta heile 2 millionar kroner. Men anlegga er no heilt gjeldfritt berre etter I års drift på Stadion.1- års jubileet vart elles markert på ein original måte. Ei kjempestor marsipankake vart boren inn til kaffien. Kaka, som Solveig Runde hadde laga, var forma som eit stadion og bar inskripsjonen: «Aksjonær- jubileum 1 år 1986». Kaka var så stor at kvar av dei frammøtte aksjonærane fekk ete både sin «andel» og meir til. På biletet skjer Jon Ringdal opp kaka.

Dei nye aksjonærane fekk elles utdelt sine diplom, og jr. damene fekk sine KM-medaljer på festen, der det og var svært velsmakande servering både til born og vaksne i den vakkert pynta samfunnshussalen. Generalforsamlinga i Hellesylt Stadion samla fram mot 140 aksjonærar på Sunnylven samfunnshus laurdag. Her vart beretninga frå styret både om deira arbeid og den økonomiske situasjonen for stadion lagt fram. Hellesylt Stadion er eit anlegg til 2 millionar kroner, som no er gjeldfritt kunne Steinar H Ringdal fortelje. Dei nye aksjonærane i stadion fekk sine andelsbevis laurdag, og også jr. damene fekk sine KM-diplomar utdelt.

Formann i Hellesylt stadion a.s., Steinar H. Ringdal, legg fram styret si beretning for det første driftsåret 1986.

Styret hadde og laga til ei servering som tydeleg fall i smak og kveldens overrasking var ei flott marsipankake forma som Hellesylt Stadion, der kvar aksjonær fekk ete sin «andel». Eit anna høgdepunkt var visinga av videoen som Arne Inge Tryggestad hadde teke opp frå aktivitetane på Hellesylt Stadion giennom sesongen. Generalforsarnlinga valde John Langeland til møteleiar og Hans Holmøyvik til å føre møteboka. Steinar H Ringdal fekk så ordet for å fortelje om styret sitt arbeid i 1986. Han kunne fortelje at arbeidet hadde konsentrert seg om to hovudoppgåver: Å selje resten av andelane i Hellesylt Stadion. samt ta opp ein video med innslag frå aktivitetane på stadion det siste året. Begge deler var vel fullført. Som kjent er alle andelar selde i Stadion for i alt kr. 133.000,- og videoen som var laga, hadde ei speletid på 5 kvarter. Denne vart vist på rom 10 på skulen etter middagen.

STADIONANLEGG VERDT 2 MILLIONAR ER GJELDFRITT :

Når det galdt økonomien kunne Steinar Ringdal fortelje at Hellesylt Stadion med alle sine anlegg no er heilt gjeldfritt : Eit 1 år gammalt anlegg verdt om lag 2 millionar kroner eig no altså idrettslaget heilt utan skuld. Det må vel vere noko sjeldsynt, skulle vi tru. Ringdal sa og at bakgrunnen for å selge stadion til bygdefolket, nettopp var å få inntekter på ein utradisjonell måte, då tilskot både frå stat og kommune svikta ein del. Generalforsamlinga godkjende både styret si beretning og rekneskapen utan merknader.

INNKOMNE FORSLAG

Styret i Hellesylt Stadion kom med framlegg til generalforsamlinga om at ein ville tilrå for styret i Sunnylven IL at det vert løyvt pengar til oppsetjing av aksjonærtavle på Hellesylt Stadion. Tavla skal setjast opp før sesongen 1987 tek til. I god tid skal det då ligge føre framlegg til plassering og kostnadsoverslag. Dette slutta generalforsamlinga seg til. Like eins slutta dei seg til det andre framlegget frå styret om at det no er svært viktig at kursen på aksjane ikkje vert svekka på grunn av dårleg vedlikehald av stadion. Generalforsamlinga vil be styret i Sunnylven IL ta opp med Stranda kommune det til dels slette vedlikehaldet av stadion i år, slik at dette kan betre seg til neste sesong. Vedrørande vedlikehaldet vart det vist både til tilgrodd løpebane og dårleg bane inne i målgardane.

Frå styrebordet under generalforsamlinga. Frå v. ordstyrar John Langeland, vidare Inghild Storstein, Lilli-Karin Ljøen, Arne Inge Tryggestad, Steinar H. Ringdal og t.h, sekretæren Hans Holmøyvik.

VALA

I styret vart det berre ei endring. Knut Frøysa hadde sagt frå seg attval, og i hans stad vart Lars O Fivelstad valt. Alle val vart med akklamasjon, og styret har då denne samansetjinga for 1987:

Formann: Steinar H Ringdal
Nestform.: Inghild Storstein (1)
Styremedlemmar:
Arne Inge Tryggestad (2)
Lilli Karin Ljøen (3)
Lars Fivelstad (4)
Varafolk:
Inger Ringdal (1)
Hans Rudi (2)
Kjell Runde (3)
Laila Røyrhus (4)

49 NYE GAVEDIPLOMAR

Eit høgdepunkt på festen var utdeling av gåvediplom til nye aksjonærar. I alt 49 nye låg klar til utdeling, men ikkje alle aksjonærane hadde høve til å vere til stades og ta i mot diplomane. Steinar H Ringdal og Hans Hole stod for utdelinga. Med denne utdelinga var den offisielle delen av generalforsamlinga over.

HEIDER TIL KRETSMEISTERANE

Så vart jr. damene som sikra Sunnylven KM- tittelen i fotball, kalla fram på scena. Fotballformann Ole Aasen fortalde i ei helsing til jentene om resultata desse jentene har nådd i serien dei siste åra, og om årets suksessesong. Og jentene kvitterte med fotballsong, skriven av Fredrik Stadheim. Så fekk jentene diplom og spelarstatuettar.

MIDDAG

Samfunnshussalen var nydeleg pynta denne laurdagskvelden og  på eit langbord framme i salen var det sett fram spekemat og flatbrød. Unge kelnerar kom så rundt til borda og tok opp bestilling på rjomegraut og drikke til , eller pølser og stappe til dei som heller ville ha det. Dette vart servert ved borda.Så kom den store – og flotte – overraskelsen til kaffien. Ei  kjempestor kake forma som Hellesylt Stadion, vart boren inn og sett på bordet. John Ringdal skar så stykke av marsipankaka til alle aksjonærane, medan det  vart servert kaffi og fruktchampagne til. For dei yngste vart  det og opna ein isbar. Etter middagen starta videoframsyninga frå årets sesong samstundes som Kroken’s spela opp til dans. Og dansen varte til ut i dei små timar…..

Salet av andelar i Hellesylt stadion har gått over all forventning.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info