Lokalnytt

Imponerande konsert med Storm Duo.

Kristina t.v. og Asta Soffia i Lensmannsstova.

Kristina Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir hadde kvar sitt trekkspel på fanget då dei heldt konsert i Lensmannsstova på Lillebø tysdag. Det vart eit «stjernemøte» for eit 30-talls musikkinteresserte.

Storm Duo kalla dei seg to unge dyktige musikarane som begge er utdanna frå musikkhøgskulen i Oslo, og har spela saman sidan 2017.
Asta Sofia er frå Island og kom til Norge for å ta si musikkutdanning i Oslo, og der møtte ho Kristina. Dei kjende begge fort at det var god kjemi i lag, og no reiser dei rundt og held konsertar over store deler av landet. Dei har gjort musikken til sitt yrke.

Tysdag kveld var det konsert i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven. Rundt 30 personar frå begge sider av kommune -og fylkesgrensa fylte godt opp i den største stova der dei fekk ein musikalsk kveldstime dei neppe har opplevd før. På kvar sin krakk tett på publikum sat truleg to av landets beste på trekkspel og «ausa» ut akkordar etter ein fingerleik på tangentane som nesten var ufatteleg, men like fullt verkeleg. Det var med andre ord to profesjonelle aktørar som underheldt med konsert i Lensmannsstova.

At trekkspel er eit allsidig instrument fekk publikum mange prov på tysdag kveld. Dei to i Storm Duo opna med klassisk musikk, først Holbergsuiten av Edvard Grieg, og deretter spela Aina Soffia eit verk av Johan Sebastian Bach.

Så kom ei avdeling med varietémusikk med ein vals av trekkspelaren Arnstein Johansen, ein favorittkomponist sa Kristina som sjølv har spela på instrumentet frå ho var fem år, fortalde ho til hellesylt.info.

Også Aina Soffia hadde sin favoritt i Henry Hågenrud og drog i gong med ein konsertvals komponisten hadde kalla «Amaryllus».
Det svinga heile tida i Lensmannsstova. Hadde plassen vore større ser vi ikkje vekk frå at dansefoten hadde gjort meir av seg enn å trø takta til dei svingande rytmene, ikkje minst når dei to drog i gong toradermusikk frå deira langt meir knapperike instrument.

Og når husvertinna Synnøve Hjellbakk Hole og Gunnhild Sindre inntok «scena» med sine hardingfeler for samspel med Storm Duo vart applausen lang med ønskje om meir musikk.

Det vart tre ekstranummer med Storm Duo som avslutta konserten med valsetonar frå ein Valdreskomponist.

Kristina Farstad Bjørdal mottok nyleg Bolstadprisen under Fjelljomfestivalen. Ho er nermast fødd med trekkspel i blodet. Far Oddmund Farstad spela trekkspel, og han var også på Island der han spela til dans og der Asta Soffia høyrde han spele, fortalde ho.
Så kom Asta til Oslo for å studere ved musikkhøgskulen der ho møtte Kristina Farstad Bjørdal, dotter til dansemusikaren. No reiser dei landet rundt med trekkspela sine og gledar folk. Torsdag er det konsert på Voss.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380