Lokalnytt

Inviterer til pepperkakebyggverk på Hellesylt

Frå ei pepperkakeutstilling på Sunnylven samfunnshus for nokre år sidan. Arrangøren ønskjer seg mange bidrag også i år.

Finn fram kjevle og bakeforkle og lag ditt pepperkakebygg. Sunnylven skulekorps og Stranda Frivilligsentral inviterer alle bake -og byggmeistrar til å delta i utstillinga på Hellesylt som i år blir på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri.

 Hellesylt.info har tidlegare meldt at pepperkakehusutstillinga på Hellesylt måtte gå ut i år. Men no blir det likevel i eit samarbeid mellom Sunnylven skulekorps og Stranda Frivilligsentral.

Bak og lag

Å bygge pepperkakehus var i 2014 nytt tiltak for unge og eldre i samband med Sunnylven skulekorps sin årlege juletombola. Kvart år har det blitt ei flott utstilling av alle slag konstruksjonar av pepperkakedeig, slått, båtar, u-foar, store og små hus, pepperkaketre, eller rett og slett berre eit stort hjarte. Alt har kome til utstillinga kreativt fargelagt og dekorert med både søt og god pynt.

Utstillinga blir denne gongen på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri i samband med juletombolaen til korpset 28. november. Innlevering av byggverk kan skje alt dagen før under julemessa same stad, laurdag 27. november mellom kl. 12.00 -15.00

Stase opp med lys

Utstillinga blir ståande i kafeteriadelen like ut til vindua mot gata, stadfestar Anders Adolfsson ved Hægstad Gård/Geiranger Bakeri. Han vil «stase» utstillinga med litt lys også, seier han.
Utstillinga må flyttast på under julebordarrangementet fyrste helg i desember, men så kjem byggverka tilbake og blir å sjå nesten heile desember.
Då blir det tilfeldig trekt mellom bidraga og premiert slik tradisjonen har vore, får hellesylt.info opplyst.

Ingen konkurranse

Sunnylven skulekorps og Stranda Frivillingsentral ønskjer seg mange bygg og konstruksjonar til utstillinga.
-Det er ingen konkurranse om å bygge det største og flottaste byggverket, men vi veit at det ligg mykje kreativitet i små hender så vi er spente og gler oss til å sjå, seier Ragnhild Stadheim i Stranda Frivilligsentral. Ho håper på mange bidrag.

Ta kontakt med Ragnhild om noko er uklart, mob. 464 11 119.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380