Lokalnytt

Konfirmantane tok del under lysmessa

Konfirmantane tende mange levande lys som lyste opp i den mørklagde kyrkja.

I Sunnylven kyrkje var det lysmesse fyrste søndag i advent. Samlinga i kyrkja var ved prestevikar Ann Kristin Langeland, kantor Gunnar Inge Eide og konfirmantane i Sunnylven.

Kyrkjeklokka kalla til lysmesse i Sunnylven kyrkje søndag. Mange kom og i kyrkja fann dei varmen der Langeland ønska vel møtt til 60 – 70 frammøtte på ein litt kald fyrste søndag i advent.

Lysmessa denne dagen var i grunnen konfirmantane si gudsteneste, sa Langeland. Dei åtte ungdomane hjelpte med både tekstlesing og tenning av lys i den mørklagde kyrkja, og toga ut i vakker, stemningsfull prosesjon til slutt.
Sjølv hoppa prestevikaren over dagens preiketekst og gjorde preika si over eit tema i ein Nord-norsk song, «Velsigna du dag over fjorden, velsigna du lys over land». Og ved orgelet gjorde som vanleg Eide stødig jobb til songar, den siste «Deilig er joden».

Lysmessa vart avslutta med konfirmantane og prestevikar som gjekk fyrst ut i prosesjon

Nye samlingar i kyrkja
Ann Kristin Langeland minte til slutt om nye samlingar i Sunnylven kyrkje dei neste vekene. Fyrst blir det konsert med musikarar og Ytre Suløens Jassensemble tysdag 7. desember, det blir Julekonsert med song -og musikkrefter i Sunnylven søndag 19. desember, og så gudsteneste på julaftan klokka 16.00.

Prestevikar Ann Kristin Langeland fann preiketeksta si i ein Nord-norsk salme.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380