Lokalnytt

Mange innom Julemessa på Hellesylt

10. klasse ved Sunnylven skule selde julenek til inntekt for klassetur neste år. Og fuglane kan berre glede seg, meinte Ørjan t.v. og Konrad.

Det var Sunnylven Bygdekvinnelag som arrangerte den årlege Julemessa på Hellesylt siste laurdag i november. Messa på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri vart vellukka med mange besøkjande innom.

Heidi Melvoll Hauge har saman med Bente Bonsaksen organisert julemessa for arrangøren i år. Grunna renovering av samfunnshuset var det begrensa med plass og berre lokale utstillarar fekk delta. Inne på Hægstad Gård var sju utstillarar, men ute i det fint, men på den litt kaldt dagen var fleire. Har fekk ein kjøpe kålrot, egg, fuglenek, og litt lenger bort i gata stod Bygdekvinnelaget og selde kalendaren sin. Der var også Gardskjøkkenet med sine gode produkt av røykt ørret.

Deltakarane på salsmessa hadde variert vareutval, her var tekstilprodukt, strikka ting, pyntegjenstandar, og skuleelevar selde julekaker og fuglenek til inntekt for skuletur. Den skal gå til Trondheim neste sommar fekk vi oss fortalt av Ørjan og Konrad.

Annbjørg t.v. og Annfrid hadde populære varer å by fram, både bakevarer og varme strikka plagg.

I Nibbedalen hadde Annfrid og Annbjørg både bakar og strikka. Salet av harding, flatbrød og frukostkjeks gjekk unna. Med brunost på var dei heilt super gode, fekk vi oss fortalt.
Dei to A-ane i Nibbedalen hadde også mange varmt strikkeplagg å by fram, både vottar, luer og raggar. -Desse har vi og nokre andre strikka på fritida, var Annfrid sin litt skjemtande kommentar.

Også Gardskjøkkenet hadde godt med besøk, for bedrifta sine produkt har fått godt ry på seg på Hellesylt.
På standen til Karbø gard selde Per Ingebrigt kålrot dyrka utan sprøytemiddel, og ved bålpanna som varma var også Johannes som selde egg frå Øvsthaugen. Både kålrota og egga gjekk unna, neste betre enn dei to hadde forventa.

I kafeen på Geiranger Bakeri selde Oda Sandvik Aure kaffi og bakevarer. Her er det Marianne Fivelstad som handlar.

Inne på Hægstad Gård hadde Geiranger Bakeri open kafe med sal av bakevarer i alle slag, både for å innta over ein kopp kaffi, eller til å ta med heim.
Ei pepperkakehusutstilling med byggverk av unge byggmeistrar var rigga i kafeterian og tilrettelagt for visning. Fleire flotte og spanande byggverk med innlagt lys i fleire av husa, og som mange såg på. Det er Stranda Frivilligsentral og Sunnylven skulekorps som har organisert pepperkakehusutstillinga som skal stå til visning fram til jul.

I morgen søndag skal Sunnylven skulekorps ha tombola på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri frå klokka 13.00 og fram til julegrana blir tent.

Heidi M. Hauge har saman med Bente Bonsaksen organisert julemessa. Heidi hadde sjøl stor stand med syartiklar.
Johannes Friestad t.v. og Per Ingebrigt Karbø hadde sin stand ute. Med god fyr på bålpanna fraus dei ikkje.
Gardskjøkkenet var på plass på Hellesylt også denne gongen og vi fekk handla einerøykt ørret.
På stand var også Helge Kvam Karbø t.v. for Fjord Nature, og Eivind Louis Helset frå Rust Foto med sin kalendar med flotte fotomotiv.
Mange roa ned med kaffi og noko attåt i kafeen under julemessa laurdag.
Pepperkakehusutstillinga hadde fleire slag konstruksjonar, kreativt forma av det som kan bli framtidas byggingeniørar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380