Lokalnytt

Mange på tombola med skulekorpset

Julegrana på Hellesylt vart tend fyrste søndag i advent. Mange tok rundar rundt treet til julemusikk frå Sunnylven skulekorps.

Mange kom til juletombola og for å støtte Sunnylven skulekorps. På Hægstad Gård/Geiranger Bakeri var kjøpelysta av snurrelodd stor, og mange fann vinnarlodd så gevinstane gjekk unna.

Økonominemnda i Sunnylven skulekorps hadde rigga tombolaen sin på Hægstad Gård i år då samfunnshuset er under renovering. Litt mindre med gevinstar enn vanleg, men likevel med eit variert og spanande tilbud. På ein flott vinterdag tok mange turen innom og støtta skulekorpset, heilt til den siste av 300 gevinstar var borte.

God oppslutning

-Vi er veldig godt fornøgde med tombolaresultatet som gav oss ei fin inntekt til korpset. Og vi vil rette ei takk til alle som kom og kjøpte lodd, og til mange privatpersonar som støtta oss med gevinstar. Det viser nok at mange ønskjer å ha eit korps i bygda, sa Oli-Anne Sjåstad som er medlem i økonominemnda i korpset.

At det var Hægstad Gård som vart staden for juletombolaen i år var langt frå noko minus. Her var julepynta, godt og varmt og Geiranger Bakeri hadde masse godt i salsdisken å by fram. Arrangementet vart ei fin førjulssamling og med gode inntekter til skulekorpset.

Det vart ein liten premie til dei som laga Pepperkakestallen, Leonard, Teodor og Gabrielle.

Trekte pepperkakehusvinnarar

Under tombolaen vart det også trekt ut ein premievinnar mellom dei som leverte bidrag til pepperkakehusutstillinga. Og vinnar vart «Pepperkakestallen» frå Leonard, Teodor og Gabrielle. Utstillinga blir ståande ut gjennom heile adventstida.

Julegrana tend

Som tradisjonen er vart julegrana i Hellesylt sentrum tend etterpå. Der fekk mange høyre korpset spele fleire av dei gode gamle og kjente julesongane. På Ole Ringdal`s plass vart det også runder med gang kring det flotte lysande grantreet, før turen for mange heldt fram til lysmesse i Sunnylven kyrkje.

Sunnylven skulekorps spela flott sjølv om temperaturen var av det kalde slaget.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380