Manglar aktørar til å hoppe frå stypetårnet
Til helga startar Oslo Assembly Prodction AS opptak på Hellesylt til ein film for Helsedirektoratet. Dei ønskjer lokale aktørar, men manglar eit ungt par til å hoppe frå stupetårnet.
Oslo Assembly Production AS skal lage film for Helsedirektoratet der bodskapen er å leve godt og gjere gode helsemessige val.
Ein del av opptaka som startar til helga i veke 48 skal gjerast på Hellesylt. Fleire lokale aktørar skal delta, men til opptaka manglar no to unge som skal halde kvarandre i hendene og hoppe frå stupetårnet og i sjøen.
Har Du lyst å bli «filmstjerne» og tene litt ekstra pengar til jul, melder du deg snarast, gjerne til kontaktperson Marianne Fivelstad, Hellesylt ungdomslag.
Les: https://www.hellesylt.info/2021/11/skal-filme-sjobadscener-pa-hellesylt/