Notiser

Naprapaten tilbake på Hellesylt

Om du har vondt i rygg/nakke kan kanskje naprapat Liv Hilde Vågsæter hjelpe. Ho er på plass i dei tidlegare likala på Hellesylt frå torsdag 18. november.

I 2017 starta naprapat Liv Hilde Vågsæter opp med behandlingstilbod av muskel og leddplager på Hellesylt. Etter ein koronapause er ho no på plass igjen kvar torsdag.

Det var etter initiativ frå Sunnylven sanitetslag at naprapat Liv Hilde Vågsæter frå Stranda starta opp behandlingstilbodet på Hellesylt i oktober 2017. Med støtte frå Sparebanken Møre kjøpte laget inn behandlingsbenk og anna naudsynt utstyr til lokalet ved Sunnylven omsorgssenter.

Då korona-epidemien kom måtte Liv Hilde Vågsæter stenge lokala ved Sunnylven omsorgssenter. Ho såg etter andre lokale på Hellesylt, men det vart vanskeleg å få til, seier ho. Behandlingstilbodet på Stranda har ho halde fram, og no kan ho også starte ved omsorgssenteret på Hellesylt igjen i same lokal som tidlegare, fortel ho. I fyrste omgang tek ho mot pasientar kvar torsdag mellom klokka 14.00 -16.00.

Liv Hilde Vågsæter har tidlegare fortalt til hellesylt.info at mange av kundane kjem med smerte i rygg og nakke.
–Kanskje brukar vi kroppen vår feil, kanskje trenar vi for lite. Eit par behandlingar hjelper ofte og dei kan vere bra lenge. seier Liv Hilde Vågsæter. Sjøl nyttar ho fritida si på fysisk aktivitet som joggeturar og fjellturar om veret er skapeleg bra.

Få torsdag 18. november er naprapat Liv Hilde Vågsæter på plass i dei tidlegae lokala på Hellesylt igjen. Ho kan nåast for avtale på mob. 996 46 318, eller mail stranda@rehabspesialisten.no

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380