Lokalnytt

Nibbedøl vart Årets Heimebryggar 2021

Her er flaska med ølet som Lars Helge Hanssen sende inn og som vart vinnar i konkurransen «Årets Heimebryggar 2021»

Lars Helge Hanssen frå Nibbedalen i Sunnylven, no sjef på Ona og Finnøy Havstuer har blitt «Årets Heimebryggar 2021». Neste år blir ølet å få kjøpt på Vinmonopolet.

Vi har tidlegare meldt om ein ølbryggar med slektsaner frå Sunnylven som vart NM-vinnar mellom erfarne øldommarar, og no er det blitt nye prisar.

Lars Helge Hanssen sitt øl, Stølen Stabock vart ein av klassevinnarane i NM Heimebrygg i år. No går ølet nye sigersrundar mellom ølkjennarar. Nyleg fekk Hanssen ein uventa telefon, fortel han:
-Då alle klassefinalene NM var over sendte alle klasssevinnarar/noregsmeistrar inn nye flasker til bedømming av «Årets Heimebrygger 2021».

Etter litt fekk eg ein overraskande telefon der eg fekk vite at mi øl, Stølen Stabock vann. Ein del av premien er at ølet skal bryggast kommersielt og vert å finne på Vinmonopolet ein gong neste år, truleg alt til våren.

Ølet skal bryggast på Kinn i Florø, eit av Noreg sine aller beste bryggeri. Eg reiser ned og blir med på brygginga når dette vert avtala. Så då vert det råd å smake på ølet, fortel Lars Helge Hanssen.

Høyr også eit inteervju med Lars Helge Hanssen på podcasten Høyt Skum: http://hoytskum.com/olprat/

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380