Lokalnytt

Norgesmeister i heimebrygga øl frå Nibbedalen

Lars Helge Hanssen har sin arbeidsstad på Ona og Finnøy Havstuer, men har servert eksklusive rettar også i heimbygda. Her under eit arrangement i Sunnylven samfunnshus på Hellesylt.

Lars Helge Hanssen med slektsrøter frå Nibbedalen i Sunnylven gjekk sigrande ut av konkurransen om Norges beste heimebrygga øl i klasse Mørk Lager & Bock.

Lars Helge Hanssen er sjef på Ona og Finnøy Havstuer. Etter snart to år med begrensingar i gjestebesøk og arrangement ser det betre ut no. -Vi gler oss til mykje besøk ut over hausten og til julebordsesongen, seier han på telefon.

Vi ringde Lars Helge Hanssen mest for å gratulere han som nybakt Norgesmeister i konkurransen om det beste heimebrygga ølet. Hanssen som er utdanne kokk, fødd og oppvaksen i Nibbedalen gjekk heilt til topps i klassa Mørk Lager & Bock.
Hos domarane oppnådde han 41.7 poeng for vinnarølet Stølen stabock, droppelbock. Og ikkje nok med det, han tok like godt også andre pris med øltypen Stølen Eisbock og 39.0 poeng. Sølvplassen sikra han 0.3 poeng føre Brynjar Sandvoll, Fet som fekk tredje pris.
Hanssen kalla ølet sitt Stølen som er namnet på staden han bur på, fortel han.

NM i heimebrygga øl har blitt arrangert heilt frå 1997, og mykje godt med spanande smakar har blitt brygga og bedømt av domarar i desse åra.
Vanlegvis blir konkurransen skipa til som ein festival, men grunna den usikre situasjonen med korona tidlegare i år vart det innsending av øl på flasker til bedømming denne gongen. Og ølet til Lars Helge fall best i smak i klassa Mørk Lager & Bock.

Det var andre gong Lars Helge deltok i konkurransen om Norges beste heimebrygga øl. Også i fjor var han med og då vart det tredje plass i klassa Juleøl, fortel han.

Diverre får ikkje sunnylvingar eller andre smake på vinnarølet denne gongen.
-Det er i små mengder eg har brygga så det blir ikkje å få smake på Hellesylt denne gongen. Ølet eg har blir nok berre å gje vekk som julegåver, men eg har oppskrifta så eg kan lage meir av slaget ein annan gong.
Så spørst det då kven som er den heldige å få julegåve frå Lars Helge Hansen?

Finaleresultater NM 2021 – Norbrygg

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380