Lokalnytt

Premie til uttrekte trimmarar

Utsyn frå trimpost på Nausane.

Det blir ingen premiefest for fjelltrimmen i Sunnylven IL trimgruppa i år, men som vanleg er det trekt ut fleire premiar mellom dei som leverte trimskjema.

Per Svein Hole i trimgruppa opplyser at det er notert litt i underkant av 7000 besøk med Georeg, men han trur besøkstalet på trimpostane er langt høgare, truleg rundt 10 – 12000.

Hole opplyser også om at salet av trimskjema for eit nytt trimår er godt i gang, og trimbøkene er på plass på dei fleste postane. Skjema får ein kjøpt på Coop Marked, Hellesylt og kostar 50.- kroner.

Desse vart trekte ut som vinnarar i fjelltrimmen og kan vente seg fine premiar om litt.

Barn alle postar: Fredrik Fivelstad Stadheim
Barn meir enn 10 postar: Brage Fivelstad Tennøe
Barn uttrekt frå alle som leverte skjema: Kristin Langeland

Vaksne alle postar: Per Svein Hole
Vaksne meir enn 10 postar: Anita Langeland
Vaksne uttrekt frå alle som leverte skjema: Maria Langeland

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380