Rein energi frå Norwegian Hydrogen AS om to år

Innan utgangen av 2023 vil selskapet Norwegian Hydrogen AS levere grøn hydrogen frå fabrikk på Hellesylt. Ei satsing på energi av til dels innestengd kraft og med absolutt null forureinande utslepp.
Selskapet Norwegian Hydrogen AS har kjøpt ei 5.4 dekar stor industritomt på Hellesylt for å etablere ein av Norges første fabrikkar for produksjon av grøn hydrogen. Her har selskapet gjort visse grunnundersøkingar og sjølv om resultata ikkje foreligg enno trur vi grunnforholda er trygge. Det seier administrerande direktør Jens Berge i Norwegian Hydrogen AS til hellesylt.info.
Berge vart tilsett som dagleg leiar 1. juli i år og i samarbeid med andre tilsette skal selskapet drive viktig arbeid på energisektoren.
Fleire interessentar
-Planane om produksjon av grøn hydrogen starta i Flakk-systemet i 2019. Seinare har så selskapet Norwegian Hydrogen AS blitt skipa med fleire sterke eigarar. Flakk Gruppen, Hexagon Purus, Tafjord Kraftproduksjon AS og Hofseth International AS utgjer det industrielle eigarskapet.
Planerer steinrøysa neste år
-Prosjektet har frå 2019 fått 46.6 mill i stønad frå Pilot-E til utvikling, produksjon og leveranse av grøn hydrogen. Vi er no klare for å starte opp på Hellesylt med Norges fyrste fabrikk av dette slaget.
På tomta som vi har kjøpt ligg i dag ei stor steinrøys, men i 2022 vil området bli klargjort for å setje opp fabrikken og vere klar til å levere grøn hydrogen frå Hellesylt ved utgangen av 2023.
Norwegian Hydrogen AS har allereie dialog også med andre om etablering, i dei fleste fylker frå Finnmark i nord til Agder i sør. Selskapet ser også ut mot moglegheiter i Nord Europa .
Framleis ferje på diesel
Når det gjeld avtakarar av hydrogen er det ikkje gjort bindande avtalar så langt, men vi ser for oss at ferjer og fjordcruise på Geirangerfjorden er aktuelle. Vi har registrert at konsesjonen til dei gamle dieselfergene mellom Hellesylt og Geiranger nyleg har vorte forlenga fram til 2026, men vi kan uansett levere rein energi frå Hellesylt om to år, seier Berge.
Han trur fleire set litt på «gjerde» og ventar på tilgang til hydrogen, då det er ei stor investering å anskaffe både lastebilar, ferjer og andre fartøy for hydrogendrift. Her vert det viktig med godt samarbeid mellom det private og det offentlege, slik som vi har sett i forbindelse med elbil satsinga i mange år, seier Berge. I startfasen meiner han at det må leggjast til rette for at både dei som skal produsere hydrogen, og dei som skal bruke det, vert belønna for å ta initiativ og gode val. Skal vi nå dei viktige klimamåla, er det viktig at vi får fart på sakene, seier Berge.

Rein energi
Når det blir snakka om hydrogen blir det også snakka om fargar, grå, blå eller grøn. På Hellesylt blir det grøn hydrogen, heilt rein energi og Berge forklarar framstillinga slik;
-Alt du treng er vatn og elektrisitet. I ein elektrolysør blir det enkelt forklart sett straum på vatnet, og vatnmolekyla spaltar seg då til to stoff, hydrogen og oksygen.
I motoren går hydrogengassen gjennom ei brenselcelle og lagar energi som driv fartøyet eller kjøretøyet fram. Det som kjem ut er reint vatn. Det er absolutt null komma null utslepp, seier Berge.
Han vil ikkje anbefale det, men ei morosam historie er at enkelte har innteke vatnet for å bevise kor reint det er. Oksygen, den andre gassen blir levert til fiskeoppdrettarar.
Sikkerheit på alvor
Bygging og drift av hydrogenfabrikken på Hellesylt blir etter statlege direktorat sine krav og godkjenningar. -Vi har stor respekt for sikkerheit og risikostyring, så alt blir vurdert og barrierar vert etablert i henhold til forskriftene. Vi kjem ikke til å ta nokon risiko, verken på Hellesylt eller andre stader, lovar den administrerande direktøren i Norwegian Hydrogen AS.