Salmekveld i Sunnylven kyrkje

Sunnylven kyrkje.

Tysdag 23.november blir publikum invitert til salmekveld i Sunnylven kyrkje! Det blir ei songreise gjennom mange gode, kjende songar der alle kan synge med, leia av ei flott forsongargruppe.

I ein e-post frå kantor Gunnar Inge Eide til hellesylt.info blir publikum inviterte til song -og salmekveld i Sunnylven kyrkje tysdag 23. november. Eide skriv;

-Våre to songfuglar Oddbjørg (Stadheim) og Kristin (Storstein) vil synge til oss, vi får musikalske overraskingar, og Ann Kristin (Langeland) blir «reiseleiar» gjennom kvelden og fortelje om den spennande bakgrunnen til nokre av salmane.
Vi oppfordrar også publikum til å sende inn ynskje på førehand på sms til Ann Kristin (97687525) eller Gunnar Inge (93049185).
Vel møtt til ein triveleg kveld fylt med song og musikk tysdag 23. november klokka 20.00!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380