Skal filme sjøbadscener på Hellesylt.

I vege 48 skal det gjerast filmopptak for Helsedirektoratet på badestranda på Hellesylt. Filmselskapet søkjer etter statistar til opptaka.

Oslo Assembly Production AS skal gjere filmopptak av badescener på badestranda på Hellesylt. Selskapet søkjer no kvinner og menn i alle aldrar for filmopptaka i veke 48.

Oslo Assembly Production AS skal produsere ein film for Helsedirektoratet der bodskapet i filmen er å leve godt og med oppfordring til gode helsemessige val.

I denne fimen blir badescener i sjøvatn, nokre av dei skal filmast på Hellesylt i veke 48 mellom 30. november og 03. desember. Kvart opptak tek rundt to timar. Aktørane til opptaka treng ikkje erfaring framfor kamera frå tidlegare, skriv selskapet.

Situasjonsscener

Selskapet søkjer etter fem kvinner i ulike aldrar til ei scene der desse spring og hoppar i sjøen der det skal sjå ut som dei spring frå ei badstu.

Det skal også filmast ei scene der eit par held kvarandre i hendene og hoppar frå tårnet ved badehuset og i sjøen. Dei to er også ønska å bli med til Ålesund for å filme ei scene der same veke, skriv filmskaparane. Menn og kvinner i 20-åra blir oppfordra til å søkje.

Oppdrag i samband med opptaka blir honorert frå 2000.- til 5.000.- kroner avhengig av kva rolle /eksponering vedkomande er med i.

Send søknad

Interesserte som ikkje er redd for litt kjøleg badevatn, men som ønskjer å bli med på filmopptak på badestranda på Hellesylt sender mail med namn og bilde til mikkel@osloassembly.no

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380