Lokalnytt

Stiller spørsmål kring nullutslepp i Verdsarvfjorden

Stortinget har vedteke at det etter 2026 ikkje skal vere forureinande utslepp frå båttrafikk på Verdsarvfjorden.

Fire Frp-politikarar tek opp saka om kraftsituasjonen og nullutslepp i Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland i eit representantframlegg i Stortinget. Dei ber regjeringa kome med løysingar.

I eit representantframlegg frå Sylvi Listhaug, Helge Andre Njåstad, Silje Hjelmdal og Frank Edvard Sve blir det peika på mellom anna kraftsituasjonen i dei to turistbygdene Hellesylt og Geiranger.
Forslaget frå dei fire  har ei grundig og detaljert orientering om situasjonen for cruisetrafikken i Geiranger og Hellesylt i dag og etter 2026 om det ikkje kjem avbøtande tiltak for nullutsleppsvedtaket.
Det blir vist til den økonomiske betydning cruisebåtar skapet i området, og det kjem fram at tilførsler av elektrisk straum er mangelfull begge stader.

Det blir vist til at det frå 2026 skal vere null forureinande utslepp frå båttrafikk i fjorden, men det trur forslagsstillarane vil vere vanskeleg å oppnå. Så langt tilfredsstiller ikkje cruisebåtar og andre kravet om nullutslepp.

Både Geiranger og Hellesylt manglar tilstrekkeleg straumtilførsel for landstraum, men Hellesylt har ei moderande cruisekai. Fyrste prioritet for området er tilstrekkeleg straumkapasitet til denne kaia slik at cruisebåtar kan ligge på Hellesylt tilkobla landstraum, og at turistar kan bli frakta vidare inn Verdsarvfjorden og til Geiranger med mindre nullutsleppsfartøy drivne med batteri eller hydrogen. heiter det i forslaget frå dei fire stortingsrepresentantane som har tre krav:

  1. Stortinget ber regjeringa kome attende med sak til Stortinget om korleis ein kan sørge for tilstrekkeleg straumkapasitet til området innan 2026.
  2. Stortinget ber regjeringa kome attende med plan for å kunne medvirke til å finansiere tilførsler av nødvendig straumkapasitet til Geiranger.
  3. Stortinget ber regjeringa sørge for at Enova bidrar til landstraumanlegg i viktige cruisehamner.

Representantframlegget frå dei fire Frp-politikarane blir behandla i Stortinget, truleg før jul.

Stranda kommune og Fylket sender uttale.
Frå Stranda kommune får vi opplyst at denne saka er forankra i samarbeid med Fylket, og at ein uttale frå dei blir sendt til fleire departement med det fyrste.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380