Strålande salmekveld i Sunnylven kyrkje.

Desse fire var med på å gjere salmekvelden i Sunnylven kyrkje til ei stor oppleving. Frå venstre Gunnar Inge Eide, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Ann Kristin Langeland.

«Ei reise gjennom kjende og kjære salmar» heitte det i invitasjonen til samlinga i Sunnylven kyrkje tysdag kveld. Ei stor oppleving for song -og musikkglade som avgjort bør gjentakast.

Sunnylven kyrkje var både varm og ljos tysdag kveld der kyrkjelyden kunne synge med i kjente og kjære salmar saman med ei forsongargruppe og tonane Gunnar Inge Eide på piano og kyrkjeorgel. Her var også dei to lokale songfuglane, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim som song salmar både solo og i duett, og saman med ei forsongargruppe med Eirin Syversen, Ruth Hole Aaland og Marit Hellebostad.
«Reiseleiar» under salmekvelden var Ann Kristin Langeland.
-Å velge salmar er ikkje så lett for vi har så mange fine i salmeboka vår. Vi sende ut på sosiale media ei oppmoding til folk om å kome med sine ønskje og vi fekk inn nokre, sa Ann Kristin Langeland.

«Namnet Jesus» var eitt av ønskja, og ho fortalde litt kring den mykje brukte salmen som hadde sitt opphav frå sør-Afrika. I kyrkja vart den framført av Oddbjørg.

Så kom det fleire, mellom anna «Som barn i ditt hus» med Kristin og Oddbjørg. Forsiktig antyda må vi kalle samsongen mellom dei to «songfuglane» for vakkert, det trur vi kanskje også andre sluttar seg til.

Det vart mange salmar å høyre, songar heilt tilbake til 300-talet e.k. til ein ny julesong, «Julelys» som er ein irsk salme oversett til norsk av Trygve Skaug.
Dei frammøtte fekk også høyre kantoren Gunnar Inge Eide «leike» seg med mektige tonar på det flotte orgelet i Sunnylven kyrkje.

Tordis Sundgot Urke t.v. fortalde i samtale med Ann Kristin Langeland korleis diktet «Erla», tonesett av Renate Lade vart til.

Dei kom på rekke og rad songhøgdepunkta i kyrkja denne kvelden, der var så mange. Men vi tek fram eitt, Tordis Sundgot Urke sitt dikt «Erla», tonesett av Renate Lade.
Tordis var i kyrkja og fortalde om bakgrunnen for at ho skreiv diktet. Det kom etter ei hending i familien, og litt sorgfull såg ho fuglen erla svinse rundt på tunet og glad i påvente av ein ny sommar.
Songen vart framført av Gunnar Inge Eide ved piano, og av Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
Saman med alle dei andre songane vart kvelden ei vakker og minnerik oppleving for rundt 40 frammøtte.

«Reiseleiar» Ann Kristin Langeland avslutta med å takke alle for frammøtet. -Denne kvelden har vi vore gjennom 12 songar, men vi har framleis 890 igjen i salmeboka, sa ho og lova nye salmekveldar i Sunnylven kyrkje frametter vinteren.

Musikar, solistar og songgruppe. Frå venstre Gunnar Inge, Kristin, Oddbjørg, Ann Kristin, Eirin Syversen, Marit Hellebostad og Ruth Hole Aaland.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380