Notiser

Sunnylven Bygdekvinnelag har fått ny leiar.

Gunnhild Kvam er ny leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag (Foto frå arkivet)

Gunnhild Kvam er ny leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag. Ho tek over etter Anne Marie Sømoen Frøysa som held fram som styremedlem saman med resten av styret.

Det måtte eit ekstra årsmøte til for å få på plass leiar og eit fulltallig styre i Sunnylven Bygdekvinnelag. Her sa Gunnhild Kvam ja til å leie laget dei neste åra.

Styret er slik:

Leiar: Gunnhild Kvam
Styremedlemer: Inghild Storstein, Marit Hellebostad, Anne Marie Sømoen Frøysa, Astrid Tronstad Dyrkorn, Grete Bjørdal.

Varamedlemer: Randi Tynes, Liv Norunn Langeland, Kjellaug Tronstad.

Valnemnd: Synnøve Kjellstad, Olveig Frøysa

Revisorar: Rita Rudning Røyrhus, Oddbjørg Stadheim.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380