Notiser

Sunnylven kyrkje på helgemessesøndag

På komande søndag kveld er det allehelgensgudsteneste i Sunnylven kyrkje. Ei minnegudsteneste for alle som kjenner saknet etter nokon som har gått bort.

Prestevikar Ann Kristin Langeland skriv slik i si kunngjering om gudstenesta som er søndag 7. november klokka 20.00.
-I gudstenesten vil vi minnast dei i kyrkjelyden som har gått bort siste året. Men dette er ei gudsteneste for alle som kjenner på sorg og sakn etter nokon av sine kjære. Det vert høve til lystenning, ettertanke og bøn.
Synnøve Hjellbakk Hole, Kristin Storstein og Gunnar Inge Eide bidreg med musikalske innslag. Liturg er Ann Kristin Langeland.

Vel møtt til gudsteneste med rom for sorg, sakn, trøyst og håp.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380