Lokalnytt

Sunnylven skulekorps arrangerer juletombola

Juletombolaen til Sunnylven skulekorps har ofte hatt 7- 800 gevinstar å tilby. I år blir det mindre, kanskje halvdelen så mange. (Foto frå arkivet)

Økonominemnda i Sunnylven skulekorps har vedteke å arrangere juletombola også i år. Den blir på Hægstad Gård i samarbeid med Geiranger Baker fyrste søndag i advent.

Juletombolaen til Sunnylven skulekorps blir søndag 28. november i mindre skala enn vanleg, men viktig for økonomien til skulekorpset. Det seier Barbro Lade, medlem av økonominemnda.

Ho opplyser at tombolaen blir på Hægstad Gård der Geiranger Bakeri vil ha open kafe under arrangementet med sal av bakevarer og kaffi, eit samarbeid som er vinn vinn for begge partar, seier Barbro.

Det blir pepperkakebygg også i år

Pepperkakebyen har vore del av arrangementet under juletombolaen. I år blir det utstilling på Hægstad Gård/Geiranger i samarbeid mellom Sunnylven skulekorps og Stranda Frivilligsentral. Innlevering av byggverka kan gjerast frå laurdag 27. november når julemessa opnar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380