Lokalnytt

Tombolafest med pølse og julebakst

På Hægstad Gård/Geiranger Bakeri var juletreen på plass og pynta. Det tykte nok desse to jentene var stas. (Alle bilder: Astrid Langeland)

Sunnylven pensjonistlag inviterte til juletombola på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri nest siste laurdag i november. Eit arrangement der store og små kom og kosa seg storleg.

Det var mykje spanande å prøve vinnarlukka på under juletombolaen til Pensjonistlaget, og i tillegg mykje godt av både bakevarer og anna å kose seg med.
Leiar i pensjonistlaget Astrid Langeland fortel om jamt godt frammøte dei tre timane tombolaen varte, truleg var kring 100 personar innom, noko ho er svært glad for.

På ein laurdag der veret varierte var det godt å samlast inne der praten røda om laust og fast mellom dei frammøtte. Det er godt at korona-situasjonen er slik at alle som har lyst kan treffast igjen, seier Astrid Langeland.

Laurdag vart det ikkje berre med den gode samtalen kring borda. I tillegg til å prøve vinnarlukka på snurrelodd var det sjølvsagt høve til å kjøpe gode bakevarer frå Geiranger Bakeri, og ei fiskesuppe som fall i smak hos mange. På alle borna spanderte Pensjonistlaget gratis pølse og brød.

-Eg trur det var ein juletombola som mange sette pris på og vi i pensjonistlaget er glade for at så mange både unge og eldre kom, avsluttar Astrid Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380