Lokalnytt

Trenarar frå skikretsen gav teknikkråd

Torsdag kveld hadde ski- og skiskyttargruppa i Sunnylven IL si andre treningssamling i klubben denne hausten. På Hellesylt var også trenarar frå Møre og Romsdal skikrins med råd om teknikk i fristil.

Til andre treningssamling denne hausten kom rundt 20 unge jenter og gutar i hjelm og med rulleski. Det myldra av løparar på plassen ved Hellesylt bro torsdag kveld.

Ski- og skiskyttargruppa hadde invitert trenarar frå Møre og Romsdal  skikrets og der i frå kom Stig Aambø og Jan Erik Westerås. Dei to skulle vere på Hellesylt tidlegare i haust, men mykje regn og dårleg ver den gongen gjorde at samlinga vart utsett til denne veka.

Torsdag var veret flott. På ferjeoppstillingsplassen instruerte Westerås i fristil, ein stilarten som krev god balanse. Omlag halve økta var skøyting utan stavar og resten med stavar der dei unge, ivrige prøvde seg i både enkeldans og dobbeldans.

-Vi reiser gjerne rundt til klubbar når vi blir invitert og hjelper med treninga, sa Aambø på spørsmål frå hellesylt.info. Etter timen med Westerås skulle Aambø halde eit teorikurs for klubbtrenarar og foreldre.

Linn Kammen Flydal er leiar i skigruppa i Sunnylven IL. Ho var glad for å få hjelp med teknikktrening.
-Vi veit og vi har sett på renn at vi har vore for dårlege på teknikk. Der har vi tapt mange plassar på renn. Difor skal vi i vinter vektlegge denne delen av treninga meir enn før.

Linn Kammen Flydal sa at no startar fellestreningane opp for fullt. Fyrstkomande måndag 8. november er det barmarkstrening med løping og kanskje elghufs. På torsdagar blir det rulleskitrening.

Linn Kammen Flydal, Stig Aambø og Jan Erik Westerås.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380