Ytre Suløens med julekonsert i Sunnylven kyrkje

Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutte kjem til Sunnylven kyrkje med swingande juletonar tysdag 7. desember.

Tysdag 7. desember blir Sunnylven kyrkje på Hellesylt fylt med herlege tonar når Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutté besøkjer bygda med sin julekonsert.

Juleturnéen til det unike sunnmørsbandet som får gla`tonar til å swinge har blitt ein tradisjon, men til Hellesylt og Sunnylven kyrkje er det fyrste gongen Suløen tek turen i førjulstida.

Konserten vil by på rivande gospel, energisk swing og varmande klassiske tonar når Ytre Suløen tek for seg av det norske og amerikanske julerepertoaret.
Ta turen til Sunnylven kyrkje denne tysdagskvelden og til julekonsert klokka 19.00, for bandet lovar at du er både varmare og gladare når du går heim etterpå.

Musikarar:
Tricia Boutté – vokal
Sturla Hauge Nilsen – trompet
Lars Frank – klarinett
Gunnar Bech – trombone
Morten Gunnar Larsen – piano
Svein Tore Anderson – banjo
David Gald – tuba
Kristoffer Tokle – trommer

Også i Sunnylven kyrkje i 1997
Musikken frå Ytre Suløens Jass-ensemble har swinge i Sunnylven kyrkje før. Under Sommardagar på Hellesylt i 1997 var bandet trekkplaster til kyrkjekonserten der publikum sat tett på benkeradene. . Bandet leverte til forventningane og fekk mange fans etter konserten .

Det er berre å glede seg til eit nytt møtet med Ytre Suløens sjølv om namna på musikarane er andre no enn i 1997 der Guro Håvik var vokalist.

Billettar:
Billettar kan kjøpast på www.tikkio.com eller i døra 30 minutt før konserten.

Ytre Suløens opna Sommardagar på Hellesylt i 1997 med kyrkjekonsert og suksess. (Faksimile frå Sommardagavisa)

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380