Adventsarrangement på Gamleskulen laurdag
Det blir utlodding, julemusikk og sal av forfriskningar når Gamleskulen aktivitetsmuseum opar døra for innsteg laurdag 4 desember.
Som tradisjonen er blir det adventsarrangement i gamleskulen på Hellesylt også i år. Laurdag 4. desember blir det utlodding og sal av snurrelodd på fleire fine og nyttige gevinstar, det blir sal av saft, kaffi og kaker, og all betaling kan vere med kontantar eller på Vipps.
På årets arrangement som foregår mellom klokka 12.00 – 15.00 blir det også musikk. Klokka 13.30 kjem Bjarne Sjåstad og spelar på det gamle trøorgelet, slik han gjorde 5. juledag 2019. Og det blir sjølvsagt høve til å synge med både på julesongar og anna for den som vil.
Ute ved Gamleskulen står eit lysande juletre, og inne lovar arrangøren god fyr i vedomnen med behageleg temperatur i den gamle skulestova. Ta gjerne turen innom til eit triveleg førjulstreff.