Lokalnytt

Året 2021 med hellesylt.info, våren og sommaren

I mai var det beiteslepp i Kjellstaddalen.

Etter ein heller snøfattig vinter kom våren med gror og blømande vekstar. Også sommaren vart av dei flotte med sol og varme dagar. Sjøl om mykje aktivitet vart hindra av korona-pandemien, skjedde det då ein del likevel.

Mai.

Bønder over heile landet rasa over Staten sitt tilbod i jordbruksavtalen og det var demonstrasjonar feire stader. På Vardegjølet i Sunnylvsbygda var ein ny rasteplass med benkar og grillmoglegheiter på plass, og turistferja Veøy gjekk sin fyrste tur mellom Hellesylt og Geiranger 12. mai.

Eit langt og fargerikt folketog feira nasjonaldag på Hellesylt.

17.mai var ein strålande dag med korpsmusikk og folketog frå kyrkja, men folkefesten måtte utgå også dette året.
Åknes/Tafjord testa sitt arslingssysten og det fyngerte tilfredsstillande, og på Ljøen vart det planlagt for nye konsertar i Amfiet.
Korsbrekke Elveeigarlag starta utseting av årets lakseyngel, kanskje den siste frå klekkeriet i Hysøyna då det ikkje vart lov å ta opp ny stamlaks til hausten.
Sunnylvscup på ski hadde sin premiefest på Hellesylt stadion der 49 skiløparar fekk sine premiar.

Gode vekstforhold gav gode avlingar for bøndene i 2021.

Juni.

Storfjordstemnet vart planlagt halde på Ljøen i august grunna restriksjonar og smittevernhensyn. Ann Kristin Langeland fekk sitt fullmaktsbrev som prestevikar, og i Sunnylven kyrkje heldt profesjonelle musikarar konsert med verk av eldre, kjente komponistar.
Grasslåtten kom i gong og årets avlingar og haustever var av det aller beste.
Eit stort steinras gjekk ved Holedalsvatnet, og «Årets lærebedrift» hadde to vinnarar frå Sunnylven, barnehagen og lærling Vanja Trøen Frøysa.

Andreas Ringdal vart ny leiar i Hellesylt småbåtlag, Elvira Nikolaisen opna konsertsesongen ved Fjellgården Øvre Ljøen Amfi, Kløverstafetten gjekk 15. juni med mange deltakarar i Sunnylven sanitetslag sitt tog på Hellesylt, og åtte elevar var ferdig med 10 år grunnskule ved Sunnylven skule og fekk sine vitnemål.

Det to Hole-brørne, Per Svein og Rune forlenga trimråsa frå Andakroken til Bjørkneset, Inge Bjørdal vart attvald som leiar i Storfjordens Venner, og laksefiske i Korsbrekkeelva var i gong. No var også arbeidet med Trivselshagen ved omsorgssenteret i gong.

På toppen av Steimsnibba vart Linn og Tarjei vigde i nærver av born og andre venner av brudeparet.

Juli.

Det vart ikkje Sommardagar på Hellesylt i år heller, men «Andesleppet i Hellesyltfossen vart gjennomført, og med godt loddsal.
Kari Hauso Stadheim fekk Frivilligprisen, og Sparebanken Møre delte ut totalt 500.000.- kroner i Teft-middlar i Sunnylven.

Geiranger Bakeri opna utsal ved Hægstad Gård, og Stranda kommune fekk besøk av rikspolitikarar, mellom anna Sandra Borch (Sp) og Nikolai Astrup (H)
Alt i slutten av juni kunne pensjonistar gå sine rusleturar på asfalterte stiar i Trivselshagen.

Å høyre Sigrid Moldestad i ord og tonar under Storfjordstemne på Ljøen vart ei flott oppleving for mange.

August.

Årets sommarbryllup stod på toppen av 1285 meter høge Steimsnibba. Der gav Linn Kammen Flydal og Tarjei Korsbrekke kvarandre sine ja:
Sunnylven skyttarlag arrangerte Norgescup-stemne i Hyttehola, og artisten Jarle Bernhoft samla mange til konsert i Amfiet på Ljøen.

Hytteeigarar i Kjellstadlia kravde på nytt utbetring av fårleg vegkryss.
2. august vart det registrert jordskjelv i og rundt Sunnylven.
Festivalen Lamaland vart arrangert for fyrste gong, truleg ikkje siste.
Magisk konsert med Sigrid Moldestad under Storfjordstemnet på Ljøen.

I slutten av august kom cruisebåten Mein Shiff 1 til kai på Hellesylt og etter kvart kom det fleire. Planar for ny ferjekai på Hellesylt vart presentert. Hellesylt får også hydrogenfabrikk innan to år.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380