Lokalnytt

Året 2021 med hellesylt.info

I januar kom sola tilbake dei fleste stadane i Sunnylven

Året 2021 var også prega av korona og pandemi. Likevel har det meste fungert som normalt, og vermessig var året av dei gode utan større naturkatastrofer og med alle årstider på plass. I tre artiklar seg vi tilbake på det hellesylt.info rapporterte frå året 2021.

Opplevingsselskapet Bonseye fekk sin fyrste elekriske rib-båt i januar 2021.

Januar.

Det var kaldt i januar 2021. På Tronstad vart det målt 24 minus 14. januar, og på Helsetvatnet vart det flott skøyteis. På Hellesylt la brannvesnet skøyteis på skuleplassen på Hellesylt.

Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS er største arbeidsplass på Hellesylt og går godt. Det vart NM-gull også i 2021 for gode produkt.

Tala for omsetning ved Ole Ringdal synte at den hadde auka med 10 prosent i 2020 til vel 170 mill. kroner. Fjellrosa 4H vart «Årets klubb» i Møre og Romsdal, og opplevingsselskapet Bonseye fekk sin fyrste elektrisk drivne rib-båt:
Ved Grand Hotel heldt renoveringsarbeidet fram, og det same foregjekk på Sunnylven skule. Den var ferdig renovert til jul. Firmaet HT Bygg Hellesylt søkte ny dagleg leiar og i mai vart Tarjei Korsbrekke i jobben.

Det måtte gravemaskin til for å opne opp elveløpet på Korsbrekke etter isferd

Februar.
I Bygdaelva gjekk ei større isferd som stappa seg opp ved Korsbrekke. Der måtte det gravemaskin til.
Astrid Langeland heldt fram som leiar i Sunnylven penjonistlag, Tor Arne Tryggestad tok attval i foreningaa Sunnylven samfunnshus, årsmøtet i Sunnylven IL var gjennomført digitalt grunna korona, men lukkast ikkje med å få på plass ny leiar.

Pandemien reduserte aktiviteten også i Hellesylt UL der Marianne Fivelstad tok attval som leiar. I Sunnylven sanitetslag vart Hilde Langlo Brekke leiar, og laget hadde rekordstort sal av fastelavnsris.
Ut på hausten vart Peder Hellebostad attvald som leiar i Sunnylven Bondelag, Og Gunnhild Kvam vart ny leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag.

Fleire flotte sangsvaner kom tilbake til Helsetvatnet i april

Mars.

Brørne Per Svein og Rune Hole rydda ny turrås til Andakroken frå Streketunnelen og ned. Fleire vegstrekningar i Sunnylven fekk ny asfalt denne våren, men mindre bra var det at Verdsarven si oppslagstavle ved Hellesylt bro vart skada.
Og 28 mars vart sommartid 2021 innført. Korona sette stoppar for fleire arrangement, mellom anna pensjonistlaget sitt påsketreff i amfiet på Ljøen. Det vart på Hægstad Gård litt seinare.

Kulturskuleelevar held ein flott konsert i Sunnylven kyrkje i mars, og på årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum heldt Arne Ringdal fram som leiar.
Sist i mars kom seks svaner tilbake til Helsetvatnet, og på Bjørdal vart det nyaste innan vedproduksjon demonstrert.

Dag Idar Tryggestad vart ny leiar i Norsk Journalistlag, og på Hellesylt opna Salg & Utleiebuda.
Mange gode resultat av skiskyttarar frå Sunnylven IL skiskyting i mars, og Kristine Hjellbakk Hole gjekk fort i løypene under Innlandet regioncup.

Grand Hotel er under renovering. Mellom anna blir utskjeringane i møner fornya.

April.

Ann Kristin Langeland vart i april tilsett som prestevikar for Sunnylven, Geiranger og Stordal kyrkjelydar.
Ved Grand Hotel held renoveringa fram, mellom anna med fornya ornament i møner på hotellet.

Flord Nature startar opp med kurs i elvepadling, og 12 april var det på nytt skiføre på Hellesylt stadion.
Fregatten KNM Otto Sverdrup kom innom Hellesylt for å «bunkre» matforsyningar, og tidleg i april var også softis-sesongen i gong på Hellesylt.

I 2021 kom også planane for eit Basecamp-hotel på Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380