Auka bompengeavgift på sætreturar
Det blir auka bompengeavgift for biltur til Sunnylvs-Moldskredalen frå neste år. No søkjer også Holedalen veglag om auka bompengar.
Stadig meir nedbør i store mengder fører ofte til betydelege skadar på sætrevegane, stod å lese i søknaden frå Moldskredalen veglag som søkte kommunen om auka avgift for køyretøy frå og med 2022. Veglaget søkte om å få høgde avgifta frå 40.- til 50.- kroner, og søknaden vart imøtekomen.
No søkjer også Holedalen veglag om å få auke taksten til same sum, og med same grunngjeving.