Notiser

Butikk ved Hellesyltfossen med masse julegåver

Ei kasse full av gode matvarer bør vere ei fin julegåve, meiner Ramazan Øcal.

Det nærmar seg jul og julegåver skal kjøpast inn. Ein spanande butikk er Salg og Utleigebuda på Hellesylt, for her er vareutvalet stort og variert.

Ramazan Øcal har fylt opp lokala i Sal og Utleigebuda med eit variert og spanande vareutval til jul. Her er skor, fiske -og sportsutstyr, klær til både helg og fritid, men kanskje er utvalet av lokalproduserte matvarer det som ville glede ein mottakar aller mest å få.

Ramacan Øcal har designa ei gåveøskje som han håper mange vil kome å fylle med go`saker frå butikken. Her radar han opp dei lokalproduserte varene og her finn vi Alpepølse frå Ole Ringdal, Tind-produkter, ost frå Tingvoll og Skarbø, laks og mør frå Frøysagarden, eplemost frå Loen, tyttebær-og jordbærsylte frå Valldal, eit betydeleg utval i tesortar, julesnop og meir.

I tillegg til tur og fritidssko har butikken klær av ull, ei avdeling med Devold-produkt, jakker og bukser.
Ramacan Øcal ønskjer seg mange kundar i butikken der fleire varer blir selde til nedsatt pris

Varer kan også tinast for levering. Berre ring 941 35 096, seier han.

Salg og Utleiebuda har også mykje klær, mellom anna Devoldprodukt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380